Seint søndag kveld opplyste Norled at ferjesambandet Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya ville bli innstilt frå måndag morgon.

Innstillinga vart grunngjeven med teknisk svikt.

Norled kunne legge til at det vert sett inn passasjerbåt på strekninga, for dei som reiser «til fots».

På sambandet vart det laurdag morgon sett inn reservefartøy. Etter alt å døme er det reserveferja som no har fått vanskar.