Påske

1: Kva er namnet på jødisk påske?

2: Kva kallast gjerne hannraklar på seljekvistar?

3: Kva blir innleidd 40 dagar før påske i kristendommen?

4: Kva kallast Leonardo da Vincis måleri av «påskemåltidet»? Foto: Wikipedia

5: Kva for ei feiring i kristen tradisjon innleier den stille veka?

6: Kva heiterprogramleiaren i radioprogrammet «Påskelabyrinten»?

7: Kva for eit teologisk faguttrykk omtalar brødet og vinen som blir brukt i nattverden blir forvandla til Jesu lekam og blod?

8: Kva juvelèr vart verdskjend for sine fantastiske påskeegg? Foto: www.album-online.com

9: Kva for ein godteriprodusent lanserte palmeoljefrie sjokoladeegg med mjølkefyll i 2017?

10: Kva for eit år leidde Øystein Bache og Rune Gokstad TV-programmet «Påskenøtter» for første gong?

Svar:

1: Pesach. 2: Gåsungar. 3: Fastetida. 4: «Nattverden». 5: Palmesøndag. 6: Viggo Valle. 7: Transsubstansiasjon. 8: Peter Carl Fabergé. 9: Nidar. 10: 2011

Historie

1: Kva var kallenamnet på den ukjende seriemordaren som drap minst fem prostituerte kvinner i London i perioden august til november 1888?

2: Kva for eit kongepar var det siste som vart krona i Noreg?

3: Kva for eit land kom filosofen Konfutse frå?

4: TUTANKHAMON. I kva for eit egyptisk dynasti regjerte faraoen? PLA Foto: PLA

5: Patrisiarane utgjorde førstestanden i antikkens Roma. Kva vart resten av borgarane kalla?

6: Kor mange vart dømde til døden i samband med Nürnbergprosessen etter andre verdskrigen?

7: Den mexicanske målaren Frida Kahlo døydde i 1954, berre 47 år gammal. Kva døydde ho av?

8: Kven etterfølgde Harry S. Truman som USAs president?

9: Kva for ein romersk keisar var keisar Tiberius stesonen til? Foto: Glypoteket / Wikipedia

10: Kva heitte brørne som gjennomførte den første dokumenterte vellykka flyginga i eit motorfly?

Svar:

1: Jack the Ripper. 2: Kong Haakon 7 og dronning Maud. 3: Kina. 4: Det 18. dynastiet. 5: Plebeiarar. 6: Tolv. 7: Blodpropp i lungene. 8: Dwight David Eisenhower. 9: Augustus. 10: Wilbur og Orville Wright

Politikk og samfunn

1: Kva heiter Noregs minister for samfunnstryggleik?

2: På kva for ein internasjonal konferanse vart FN-pakta utarbeidd og underskriven?

3: Kva  for eit politisk parti representerer stortingsrepresentant Jon Gunnes?

4: Kva kjempar frigjeringsrørsla Polisario for?

5: Kva for eit ungdomsparti var VG-journalist Lars Joakim Skarvøy tidlegare aktiv i?

6: I kva for eit land er Jair Bolsonaro president?

7: Kva heiter det einaste organet i FN der absolutt alle medlemsland er representerte?

8: Kva betyr autonomi?

9: Kva for ei rørsle leidde Mohammad Omar frå 1994 og fram til han døydde i 2013?

10: Kor mange medlemmer har den svenske riksdagen?

Svar:

1: Ingvil Smines TybringGjedde. 2: San Francisco-konferansen. 3: Venstre. 4: Vest-Saharas sjølvstende. 5: Framstegspartiets ungdom (FpU). 6: Brasil. 7: FNs hovudforsamling. 8: Sjølvstyre. 9: Taliban. 10: 349

Geografi

1: Ved kva for ei bukt i Atlanterhavet ligg republikken Elfenbenskysten?

2: Kva for tre land grensar Vietnam til?

3: Kva for ein ørken utgjer ein tredel av Mongolias areal?

4: Kva for ein by heitte tidlegare Florentia?

5: Kva heiter dei to kontinentalplatene som glir frå kvarandre under Island?

6: Kva heiter hovudstaden i Aserbajdsjan?

7: Kva for fargar har flagget til Dei sameinte arabiske emirata?

8: I kva for fylke ligg Aremark kommune?

9: Kva heiter Italias lengste elv?

10: Kor mange regionar er Frankrike delt inn i?

Svar:

1: Guineabukta. 2: Kina, Laos og Kambodsja. 3: Gobiørkenen. 4: Firenze. 5: Den nordamerikanske og den eurasiske plata. 6: Baku. 7: Raudt, grønt, kvitt og svart. 8: Østfold. 9: Po. 10: 18

Litteratur og biletkunst

1: Kva for ein norsk forfattar kjem denne våren med spenningsromanen «Falken»?

2: I 2018 fekk Mona Høvring Kritikerprisen for den fjerde romanen sin. Kva heiter den? Foto: Forlaget Oktober

3: Kven var den første direktøren ved Statens Kunstakademi?

4: Kva for eit år kom den første kriminalromanen om Harry Hole ut?

5: Kven måla måleriet «Ravner over kornåker» frå 1890?

6: Kva heiter prisen Krimfestivalen deler ut for beste omsette kriminalroman?

7: I kva for ein by står bronsestatuetten Jazzgutten, som er laga av billedhoggar Nina Due?

8: I kva for skodespel møter ein rollefiguren Gregers Werle?

9: Kva for ein målar, som òg måla fleire motiv frå Sandvika i Bærum, blir rekna som ein av dei fremste representantane for impresjonismen?

10: Kva heiter den største barne- og ungdomslitteraturprisen i verda?

Svar:

1: Tom Egeland. 2: «Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg ble født». 3: Christian Krohg. 4: 1997. 5: Vincent van Gogh. 6: Gullkula. 7: Molde. 8: «Vildanden». 9: Claude Monet. 10: ALMA-prisen

Film og TV

1: I 2019 kjem Netflix med sin første norskspråklege dramaserie, som skal basere seg på norrøn mytologi. Kva blir tittelen på serien?

2: Kven skal spele rolla som Charles Manson i Quentin Tarantinos nye film «Once Upon a Time in Hollywood»?

3: Kva heiter Trondheims internasjonale filmfestival?

4: Kor mange sesongar består TV-serien «Grey’s Anatomy» førebels av?

5: Kven vann Oscar for beste mannlege hovudrolle under årets Oscar-utdeling?

6: Kva heiter dei fire kontinenta vi høyrer om i TV-serien «Game of Thrones»?

7: I kva for ein TV-serie møter vi ekteparet Elizabeth og Philip Jennings?

8: Kven har regissert den svenske filmen «Britt-Marie var her», som hadde noregspremiere i mars?

9: Kva for eit år vart den første norske kinoen opna i Oslo?

10: Kva heiter Bradley Coopers rollefigur i «A Star is Born»?

Svar:

1: «Ragnarok». 2: Damon Herriman. 3: Kosmorama. 4: 15. 5: Rami Malek. 6: Westeros, Essos, Sothoryos og Ulthos. 7: «The Americans». 8: Tuva Novotny. 9: 1904. 10: Jackson Maine

Idrett

1: Kva for ein idrett driv Thea Næss med?

2: Kva for ein idrettsorganisasjon deler ut Egebergs ærespris?

3: Kva heiter hovudtrenaren til Vålerenga Fotball?

4: Kor mange OL-gull har Astrid Uhrenholdt Jacobsen vunne?

5: Kva kallast den lettaste vektklassa i boksing?

6: I kva for ein by skal sommar-OL 2024 arrangerast?

7: Kor mange ryttarar er det på kvart lag i utandørs polo?

8: Kor mange gullmedaljar vann Michael Phelps i sommar-OL 2008 i Beijing?

9: I kva for eit land skal årets handball-VM for kvinner arrangerast?

10: Kva for ein fotballklubb speler argentinske Leandro Paredes for?

Svar:

1: Kickboksing. 2: Noregs idrettsforbund. 3: Ronny Deila. 4: Eitt. 5: Nålvekt. 6: Paris. 7: Fire. 8: Åtte. 9: Japan. 10: Paris Saint-Germain FC

Musikk

1: Kva heiter musikkgruppa med Ingrid Helene Håvik og Trond Bersu?

2: Kven debuterte med albumet «Alright, Still» i 2006?

3: Kva for eit instrument spelte den amerikanske jazzmusikaren Bill Evans?

4: Kva heiter musikkprisen som blir gitt av Kulturdepartementet og blir delt ut av artistorganisasjonen GramArt?

5: Kva for ein by kjem popkometen Sigrid frå?

6: Kor gammal var Michael Jackson då han debuterte som soloartist med singelen «Got To Be There»?

7: Kva for ein svensk artist utgav singelen «Kurt Cobain» i mars i år?

8: Kva heiter den finske cellisten som blir sjefdirigent i Oslo-Filharmonien frå august 2020?

9: Kva for eit artistnamn er Stacy Ann Ferguson betre kjent under?

10: Kva for ei norsk gruppe slapp nyleg det tredje albumet sitt under tittelen «Dolce Vita»?

Svar:

1: Highasakite. 2: Lily Allen. 3: Piano. 4: Bendiksenprisen. 5: Ålesund. 6: 13 år gammal. 7: Veroncia Maggio. 8: Klaus Mäkelä. 9: Fergie. 10: Hester V75

Natur

1: Kva vert det kalla når temperaturen i bakken ikkje overstig 0 grader celsius på to eller fleire år?

2: Kva for eit namn er blomsteren engsoleie òg kjent under?

3: Kva for eit grunnstoff har det kjemiske symbolet Ni?

4: Kva kallast det tidlegaste utviklingsstadiet i embryonalutviklinga hos alle fleircella dyr?

5: Kva er det meteorologiske omgrepet for hengande skykuler på undersida av ei sky?

6: Kva kallast vindstyrke 4 på Beauforts vindskala?

7: Kva for ein dyrefamilie tilhøyrer elgen?

8: Kva heiter SI-eininga for trykk?

9: Kva for eit dyr heiter Lepus timidus på latin?

10: Kva er ein zygote?

Svar:

1: Permafrost. 2: Smørblomster. 3: Nikkel. 4: Blastula. 5: Mammatus. 6: Labar bris. 7: Hjortedyrfamilien. 8: Pascal. 9: Haren. 10: Ei befrukta eggcelle

Ti for barn

1: Kor mange dagar er det vanlegvis i eit år?

2: Kva for eit land kjem popstjerna Isac Elliot frå?

3: Kor mange ryggpuklar har ein dromedar?

4: Kva for fargar har logoen til Snapchat?

5: Kva heitte den første hunden i verdsrommet?

6: Kor ofte er det skotår?

7: Kva heiter NRKs nyheitssendingar for barn?

8: Kva for eit år starta andre verdskrigen?

9: Kor mange spelarar består eit fotballag av?

10: Kva heiter hovudstaden i Japan?

Svar:

1: 365. 2: Finland. 3: Éin. 4: Gul og kvit. 5: Laika. 6: Kvart fjerde år. 7: Supernytt. 8: 1939. 9: Elleve. 10: Tokyo.