Det vi gjer no, kjem til å trekkje til seg alle slags pollinerande insekt, også humler og bier.

Nina Elisabeth Bøe ved NaKuHel Sunnmøre har planane klare for årets store prosjekt i Brekkegarden i Gjerdsvika. Frøa er allereie sådde, og spirene står på «soling» i ei vindaugskarm inne i bustadhuset på garden. Dei utgjer elles berre ein liten del av det store prosjektet.

– Vi skal lage to tilstøytande hagar, der det vert planta nektar- og vertsplantar som trekkjer til seg sommarfuglar. Hagane skal nyttast til undervisning og formidling både for barn og vaksne, og blir sentrale i utviklinga av eit program for naturbasert rehabilitering, informerer Nina.

Begge hagane vert opne for ålmenta.

Det heile byrja ein dag på «dagsenteret» for heimebuande eldre, som Nina arrangerer på Brekkegarden to gongar i veka.

– Eg og ei dame sat og prata om laust og fast, då ho spurde: «Kvar er det blitt av alle sommarfuglane? Før såg eg dei i alle verdas fargar, men no går det berre i oransje», seier Nina, som nesten må skyte inn ei opplysning om den nemnde sommarfuglen før ho held fram med historia:

– Det er neslesommarfuglen. Når han vert vaksen, legg den egg på brennesla. Det er det faktisk veldig mange sommarfuglar som gjer. Difor er brennesle faktisk veldig viktig, så han er heldig den som har ei lita rot med nesle.

Så tilbake til forteljinga om korleis ideen vart tend ...

Før den nemnde samtalen, hadde Nina tilfeldigvis fotografert eit par vakre sommarfuglar som hadde dukka opp i Brekkegarden.

– Begge artane var ukjende for meg, så eg sende bilda til Arnvid Hatlebrekke som vaks opp her i huset. Han er ei fantastisk kjelde til informasjon om det eine og andre her på garden. Men desse sommarfuglane hadde han aldri sett, seier Nina.

Det viste seg at den eine var ein «Rapssommarfugl», medan den andre var ein Kjempebladmålar.

Vil kartleggje artane

På nettstaden lepidoptera.no finn du oversikt over ulike sommarfuglartar i Noreg og kvar dei er å finne. Mellom anna er der registrert godt over 800 artar dagsommarfuglar, møll og svermarar berre i Ulstein. I Herøy er det registrert ni ulike artar, medan det i Sande er registrert null. Det betyr sjølvsagt ikkje at dei ikkje er der ...

– Vi veit veldig lite om kva som finst av sommarfuglar i Sande, for ingen har registrert artane, seier Nina.

Det vil ho gjere noko med.

– Dette synest eg er eit nydeleg skuleprosjekt! Gjerdsvika oppvekstsenter er allereie med og skal, med vår hjelp, lage sin eigen sommarfuglhage på skuleområdet. Vi var der i førre veke (midt i mars, red. mrk.) og sådde frø.

– Viktig indikatorart

Ifølgje Nina er sommarfuglar eit barometer på den generelle helsetilstanden i landskapet.

– Sommarfuglar er særs viktige som indikatorart. Ein biotop med mange sommarfuglar er ein sunn biotop – dermed kan vi lese statusen på landskapet rundt oss ved å studere antal artar, seier ho.

Treng stein

Den eine av dei to tilstøytande hagane får namnet «Sommarfuglhagen», medan den andre vert kalla «Den hemmelege hagen».

Sommarfuglar er sårbare for vind, noko det finst mykje av i Gjerdsvika. Difor skal Nina og ektemannen Alv Ottar Folkestad, som hjelper til med prosjektet, sette opp ei ramme av stein rundt sommarfuglhagen, med store buskar og tre som leplanting.

– Vi treng fin handstein i passande storleik til å lage ein liten steingard. Vi kan kjøpe det av entreprenørar, men det kostar ein formue. Difor vert vi veldig glade viss nokon til dømes vil selje oss stein frå ein gammal løde eller eit gammalt hus som skal rivast. Det er berre å ta kontakt, seier Nina.

Den hemmelege hagen vil ligge gøymd mellom to rekkjer av høge hekk-/vertsplantar og har skjult tilkomst frå steinhagen. Denne hagen knyter sommarfuglhagen saman med elvestien opp til grønnsakshagen på garden.

Hagane skal etter planen bli opna den 28. juli.

Slik lagar du ein sommarfuglhage

– Når du lagar lune, fine hagar, favoriserer du ikkje berre pollinerande insekt, men også andre, som piggsvin og kanskje marihøner.

Såleis gjer du rett og slett naturen og miljøet ei teneste viss du set av ein liten hageflekk til dette formålet. Dessutan er ein sommarfuglhage ein fryd for auget og luktesansen!

Le for vinden

Sommarfuglar toler dårleg vind, noko ein sjølvsagt må ta omsyn til når ein skal leggje til rette for insekta.

– Leplanting er noko av det viktigaste du gjer, også for å få varme. Ein bør bruke planteartar som trivst i Noreg og blomstrande, uklipte hekkar til skjerming. Sjølv kjem vi til å bruke pil (som får gåsungar) og sargenteple. Det siste er ein nydeleg busk som får vakre raude bær som fuglane et, seier Nina.

– Poenget er ikkje å stoppe vinden, men å filtrere han, skyt Alv Ottar Folkestad inn. Hagtorn er også eit godt tips til ein norsk art som er lett å stelle.

– Han får kvite eller rosa blomar, seier Alv Ottar.

Plantar

Sommarfuglar er lure når det gjeld å finne nektarrike plantar. Ein bør ha om lag 30 slike i hagen for å oppnå synleg effekt. Men det er ikkje det heile ...

– Ein ting er å lokke til seg sommarfuglar med nektarrike plantar, men viss du vil at dei skal formeire seg i hagen din, må du også ha vertsplantar, som nesle, selje, pil, rogn og humle (plante), seier Nina.

Og så må ein vere klar over at sommarfugllarver et mykje.

– Difor må folk tole at det blir ein del holete blad i ein periode. Då er det greitt å ha mykje planter, seier Nina.

Praktiske detaljar

Det er lurt å ha vatn tilgjengeleg for sommarfuglane.

– Bruk gjerne eit lite fuglebad. Og så elskar dei gjørmebad! Gjørma forsyner dei med livsnødvendige mineral og sporstoff som dei ikkje får frå nektaren, seier Nina, og held fram:

– Fyll eit fat med sand, tilsett godt omdanna gjødsel og ha oppi litt vatn. Er du heldig, kan du sjå sommarfuglar sitje der med snabelen ute på fine, varme dagar.

Ein annan måte å lokke til seg sommarfuglar på, er å henge opp ei stoffremse dynka i gjerda, sukkerrik raudvin.

Midlertidig ubalanse

– Når du etablerer ein ny sommarfuglhage, lagar du midlertidig ubalanse i naturen. Sannsynlegvis vil det føre til ein del bladlus i ein periode. Men når det veks fram meir skadeinsekt, vil du også få fleire predatorar i neste omgang, som til dømes fuglar og piggsvin som nyt godt av at vi lagar lune hagerom, informerer Nina Elisabeth Bøe.