Måndag lanserte helsestasjonane i Herøy, Sande, Hareid, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta ein felles informasjonsportal på nett. Helsesjukepleiarar i Sande og Herøy jublar over det dei omtalar som eit svært viktig tiltak.
1 / 2Bjørnar Torvholm Sævik
Stor begeistring: Helsesjukepleiarane i både Herøy og Sande er svært glade for å kunne lansere «Helseportalen Søre Sunnmøre». Nettsida er rik på nyttig informasjon og omfattar alle kommunane i Sjustjerna. F.v.: Elisabeth Strand Slettestøl, Katrin Kvalsund Leine og Mari Haugen Lunde.