Rett ovanfor Møre barne- og ungdomsskule i Myrvåg går Dragsundvegen. Ein veg som har blitt meir og meir nytta etter kvart som busettinga og industrien i Myrvåg- og Dragsund-området har auka på dei siste åra.

Ved sidan av vegen går ein gang- og sykkelveg, som også blir nytta av bilar ved køyring til eigedomane i området. Det er denne gangvegen som no ber preg av sviktande vedlikehald over lengre tid. Difor meiner brukarane av vegen at det no er på høg tid at vegen blir utbetra.

– Det har blitt svært vanskeleg å ta seg fram her. Det er store hol, noko som gjer at det gyngar veldig når eg køyrer på denne vegen. Ved eit par høve har eg også vore nære ved å hamne i grøfta. Men heldigvis har det gått bra, seier rullestolbrukaren Bjarne Hildre.

Hildre fortel vidare at det er fleire brukarar av vegen som seier det same, og at enkelte kvir seg så mykje at dei vel å ikkje nytte vegen.

– Det einaste som har blitt gjort med vegen dei siste åra er nokre mindre lappingar her og der. Men det er ikkje godt nok, seier han.

– Kva meiner du må gjerast?

– Her må politikarane ta tak relativt raskt. For denne vegen kan ikkje vente særleg mykje lenger, her må utbetringa kome snarast, meiner Hildre.

– Politikarane ser ikkje bygdene

Sjølv om Bjarne Hildre er håpefull ovanfor dei folkevalde, er han langt frå sikker på at dei vil ta grep.

– Politikarane har ikkje vore flinke nok til å sjå bygdene, og dei utfordringane vi har. Dei tenker for mykje på Fosnavåg, og gløymer bygdene rundt. Dette gjeld like mykje for ei bygd som Koparstad, som for bygdene i indre, seier Hildre.

Han håper no på ei endring i den politiske kursen etter haustens kommuneval.

– Vi treng nokon som evnar å løfte blikket ut av Fosnavåg, meiner Hildre.

Takkar Kjell Runde

Mellom dei Hildre meiner gjer ein viktig jobb er Kjell Runde (Folkelista).

– Kjell kjempar for oss i Dragsund. Han løfter fram dei sakene som betyr noko for oss. Vi er veldig glade for at Kjell no vil ta kampen for gangvegen i formannskapet, avsluttar Hildre.

Kjell Runde sjølv stadfestar ovanfor Vestlandsnytt at han vil kjempe for gangvegen under formannskapsmøtet tysdag 11. juni.

– Gangvegen treng absolutt ny asfalt. Det har vore litt flikking på asfalten, men no er den nærast uframkomeleg for rullestolbrukarar. Mesteparten av asfalten på gangvegen er frå midten av 1970-talet. Det seier seg sjølv at han då ikkje held dagens standard, meiner Runde.

Han seier vidare at gangvegen blir mykje nytta av både rullestolbrukarar, eldre med rullator, foreldre med barnevogner og skuleelevar. Frå dei har Folkelista-politikaren fått klare signal.

– Dei som brukar rullestol til dømes, seier at rullestolen mange plassar slår seg på tvers, slik at dei lett kan hamne i grøfta. Difor håper eg på vegner av dei brukarane som er avhengige av hjelpemiddel for å ta seg ein luftetur, kome seg på butikken, til lege eller andre stadar at Herøy kommune finn pengar til strakstiltak for denne strekninga, avsluttar Runde.