Vonar fleire tek turen: Arrangørane ønskjer også folk frå andre bygder og byar hjarteleg velkomne til bygda. Festivalen er meint å vere eit samlingspunkt både for barn, unge, vaksne og eldre. Absolutt alle kan delta og vere aktive i festivalen, anten ved å gå «Moltumila», delta i motbakkeløpet til Hidsegga, sykle «Tour de Moltu», eller rett og slett delta i folkelivet rundt aktivitetane.