Den første, historiske utgåva av konferansen til Sande sin fotballson vart ein suksess. Ein konferanse litt utanom det vanlege. Ikkje kanapèar, men sveler. Ikkje berre «blåskjortemenn» som kjenner kvarandre, men kvardagskledde damer og menn frå næringsliv og folkelivet elles.

Først var det mingling rundt sveler og kaffi på skulegarden i Gursken. Inntektene frå svelene går til Gursken kyrkje. Så kursa vi inn i gymsalen, der dei rundt to hundre deltakarane benka seg framfor scena.

– Fokuserer på verda

– Eg ynskjer gjennom denne konferansen å ta folk dit verdiane blir skapte. Her i distriktet er ikkje Oslo fokusen, men verda. Vi reiser ut i havet for å hente verdiane, eller frakte verdiane til utlandet, innleia Jan Åge.

Ordførar Dag Vaagen opna konferansen. Han nytta høvet til å rose Jan Åge i rolla han har teke på seg som ambassadør for heimkommunen.

– I Viasat-studio samanlikna han for nokre år tilbake vanskane Real Madrid hadde i forsvar, med utfordringane Larsnes/Gursken hadde defensivt, opplyste Vaagen, og fekk latteren fram i salen.

Sparebanken Møre

Ruben Kvalsvik frå konferansen sin sponsor Sparebanken Møre kunne fortelje at dei er kry over gründerånda som framleis rår i regionen. Det kom til syne ikkje minst gjennom konkurransen/arrangementet Næringsteft, der det krydde av pågangsmot og gjennombrotsvilje.

Kvalsvik framheva særskilt reiseliv som eit felt med stort potensiale her i ytre strok.

Forenklingsselskapet

Første innleiar var Rune Garborg, som snakka om «forenklingar i verdsklasse». Det har nemleg Vipps, som han representerer, fått gjennomslag for i marknaden. Vipps har på kort tid blitt eit større firma som også har teke steget opp som ei kjend og respektert merkevare.

Digital annonsesuksess

Kristin Sætevik frå Finn.no snakka om den digitale utviklinga i Schibsted-konsernet. Stikkordet hennar var omstilling og vilje til slik omstilling. Det har vore ei enorm omstilling frå papiravisene sin gullalder på nittitalet, fram til splittinga av ulike selskap og utskiljinga av finn.no som reint, digitalt annonseorgan.

– Det er når det går bra, og ein tener pengar, ein må planlegge neste omstilling. Det er for seint når tidene er dårlege, var rådet frå Sætevik.

Rema-topp i toppform

Ole Robert Reitan skulle vere kjend for dei fleste. Rema-sjefen nytta høvet til å rose lokale butikkar, med «årets kremmar», Johnny Mork ved Rema 1000 i Ulsteinvik, som lysande døme.

Rema har 4.000 butikkar fordelt på sju land, og nær 40.000 tilsette. Alt starta i ei krambu i Trøndelag for sytti år sidan. Reitan fortalde humørfylt, og med innleving, om utviklinga og kva faktorar konsernet legg vekt på i planlegging og drift.

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug skulle også vere kjend for dei fleste. Eldre- og folkehelseministeren frå Frp nytta vesle Trandal som døme på gründerverksemd i særklasse, ei bygd med ti innbyggjarar og med næringsdrift det står respekt av.

Listhaug streka i sitt innlegg under betydninga av framleis olje- og gassproduksjon, ikkje minst for Distrikts-Norge. Ho slo også eit slag for den maritime klyngen på Nordvestlandet, eit miljø i verdsklasse innan nyskaping og produkt.

– Det er tøffe tider, også i dag, men eg er svært imponert over omstillinga som skjer, sa Listhaug, som særskilt framsnakka betydninga av alle dei små og mellomstore bedriftene.

Jan Åge mållaus?

Etter at dei dyktige og engasjerande innleiarane hadde sagt sitt, var det ein eigen seanse i regi av Gursken IL. Her vart det gjort kjent at Gursken stadion no endrar namn til Jan Åge Fjørtoft stadion (sjå eiga sak på sporten). Ein tydeleg rørt Jan Åge verka litt ...mållaus.

Men det varte ikkje lenge. Han samla seg raskt, og utfordra to lokale næringstoppar til å kome fram.

Monja og Rita

Monja Muren Mjelva (Union Hotel i Geiranger) og fiskebåt- og offshorereiar Rita Sævik kom på podiet. Dei orienterte om sine satsingar og eventuelle utfordringar. Gursken-fødde Monja var oppteken av at styresmaktene ser heilheita i dette med reiselivsnæringa, og utfordringane dei slit med.

– Vi skulle hatt ein eigen reiselivsminister, sa Muren. I ein replikk kunne ikkje Listhaug love noko slikt, men har lit til at dei ulike departementa samhandlar og ser heilskapen, ikkje minst når det gjeld samferdsel (Geiranger har infrastrukturelle utfordringar) inn mot lokale krav og utfordringar.

Sævik kunne mellom anna fortelje om ei interessant nysatsing med eit næringsbygg på Mjølstaneset, der fleire bedrifter kan lokaliserast under same tak.

Reitan spelte opp

Konferansen hadde også nokre fine kulturelle innslag, der Kevin S. Myklebust og Laila Fjørtoft Sandanger spela og song. Det heile vart toppa med «Hey Jude», der Ole Robert Reitan akkompagnerte på keyboard, medan Jan Åge, Kevin og Laila leia an allsongen.

Ei fin avslutting på ein «laus-i-snippen-konferanse» som fekk mange lovord etterpå.