– På oppstartsmøtet delte vi mellom anna forventingar og utfordringar i prosjektet, vi gjekk gjennom overordna framdriftsplan, driftsopplegg og utstyr, og opplegget for informasjon i prosjektet.

Det seier Sande-ordførar Dag Vaagen etter møtet som vart halde på Sande rådhus 11. juli.

– Kommunen overtek etterpå

Kystverket sin prosjektleiar Morten Thøgersen opplyser til Vestlandsnytt at Secora AS er hovudentreprenør, medan Aurvoll og Furesund er underentreprenør med ansvar for det som skal gjerast på landsida.

– Kystverket står bak prosjektet. Når prosjektet er ferdig, overtek Sande kommune alt arealet. Det er også kommunen som har regulert områda på land og kjøpt desse. I tillegg betalar kommunen ein eigendel for etableringa i det eine industriområdet, opplyser Thøgersen.

Mellom anna har kommunen ansvaret for etableringa av ei ny kommunal kai på sørsida av hamna.

Prosjektet gjeld mudring og sprenging av innseglinga, samt delar av hamnebassenget innanfor moloane. Djupna vert sju meter i innseglinga og seks meter i hamnebassenget.

Massane skal plasserast i dei to deponia – eitt på nordsida og eitt på sørsida av hamna.

Eivind Berge: – Ein stor jobb

Vi har snakka med dagleg leiar Eivind Berge i Aurvoll og Furesund AS, som er underentreprenør for Secora AS.

– For oss er dette ein rimeleg stor jobb. Vi startar allereie i desse dagar med massetransport frå Gursken industriområde til sørsida av Gjerdsvika, der vi set i gang, seier Berge.

For Aurvoll og Furesund utgjer jobben rundt 20 millionar kroner eksl. moms.

– Vårt ansvar er det som skjer på landsida. Det skal byggjast såkalla sjetèar av stein, og i deponia innanfor desse skal det fyllast opp mudringsmassar. Seinare skal vi plastre med stein utanpå sjetèane, opplyser Berge.

Svolvær-selskapet Secora skal stå for alt sprengingsarbeid og all mudring, samt transporten frå sjø, med lekter, og opp til land.

Stein frå Gursken

Steinen Aurvoll og Furesund skal hente til Gjerdsvika vert frakta frå Gursken industriområde. Her vert det slått to fluger i éin smekk sidan det samstundes skal sprengast ut ei industritomt.

– Eg ynskjer å streke under kor løysingsorientert og behjelpeleg Sande kommune har vore i denne prosessen. Det er svære greier, kommenterer Berge.

– Har de kapasitet, då?

– Vi har kapasitet. Det er ikkje noko problem. Til dette arbeidet nyttar vi tre gravemaskiner, fire tippsemilastebilar og eit par dumparar. Det blir å rekne med ein del meir tungtransport enn vanleg frå Gursken til Gjerdsvika, seier Eivind Berge.

Han reknar med at Aurvoll og Furesund kjem til å halde på fram til neste vår med sin del av jobben.

Innbyggjarane i Gjerdsvika vil få ein særskild informasjon om prosjektet, som naturleg nok vil føre til ein del støy og auka aktivitet på land og til sjøs.

200.000 m3 skal opp

Kystverket opplyser at utdjupingseiningane «Nyhavn» og «Transport 052» kjem til bygda i løpet av august/september. «Nyhavn» er ein sprengingsrigg med graveeining, medan «Transport 052» er eit mudderapparat der det er påmontert ein stor gravemaskin med omfattande brytekraft.

Det vert opplyst at rundt 200.000 kubikkmeter av sjøbotnen skal flyttast til dei to deponia på nord- og sørsida.

Arbeid frå tidleg til seint ...

Konkret blir det slik at anleggsarbeidet vil vare frå klokka seks om morgonen til rundt klokka sju om kvelden på kvardagar. Laurdagar vert det arbeid frå klokka seks om morgonen til tre om ettermiddagen. Søndag vert det ikkje aktivitet med anlegget.

– Det kan vere periodar med behov for å arbeide også etter klokka 19, men det skal ikkje vere nattarbeid og støyforskrifta skal overhaldast, legg Kystverket til.

Når arbeidet med sjølve utdjupinga startar, vil Kystverket først halde eit informasjonsmøte i bygda. Det vil skje rundt månadsskiftet august/september, vert det opplyst. Kystverket og Secora vil etablere eige anleggskontor bak Sanco-bygget på nordsida av hamna, vert det opplyst.

Gjerdsvika Næringsutvikling er mellom dei som har jobba målretta, i mange år, for at prosjektet skal få gjennomslag.

Stor begeistring lokalt!

– Eg kan melde om stor glede og begstring i næringslivet i Gjerdsvika over oppstarten. Utbygginga har ei enorm betydning for næringslivet i bygda og kommunen. Her vert det store moglegheiter for etablering av nye arbeidsplassar på om lag 60.000 kvadratmeter nytt næringsareal.

Det seier leiar i Gjerdsvika Næringsutvikling, Webjørn Hageselle.

Allereie i 1910 kom ønsket om å få betre hamnetilhøve i Gjerdsvika. I 1938 vart hamnearbeidet med mindre utdjuping starta opp, tilpassa fiskebåtane den gongen. Litt seinare starta arbeidet med å byggje ut moloane, slik at fortøydde dekksbåtar ikkje skulle bli tekne av storm, drive i land og bli knuste.

Gjerdsvika Næringsutvikling hadde i 2015 tolv bedrifter som omsette for om lag 700 mill. kr, og med heile 250 tilsette. Eksportandelen er svært høg i det blømande lokale næringslivet i den høvesvis vesle bygda.

– Bedriftene i bygda har investert milliardbeløp i nye driftsmidlar dei siste 11 åra, heile tida med ein overtyding om at hamneprosjektet skal starte opp, seier Hageselle.

Han slår fast at hamneutbygginga vil gje ein ny giv i samband med utvikling av inkluderande og vekstkraftig næringsliv i bygda, med positive ringverknader til samfunnet.

– Vi vil nytte høvet til å gje stor honnør til alle som gjennom mange år har stått på for å få hamneprosjektet realisert. Det gjeld folk frå næringslivet, lokale og sentrale politikarar og lokale eldsjeler, i godt samarbeid med Sande kommune, avsluttar Hageselle.