Det er retta ein kort førespurnad til oppvekstsjefen, med fleire konkrete spørsmål.

Foreldrearbeidsutvalet spør kva tid brannmeldarsystemet ved skulen blir utbetra. De vert også spurt om vaktmeistertenesta, – om det vert sett inn ressursar for å ta seg av vedlikehaldet. Vidare spør ein om kva planar som finst for utbetring av uteområdet, der det mellom anna er «utdaterte og potensielt farlege leikeapparat.»

FAU ynskjer vidare at ein kan få nok iPad-ar og PC-ar til alle elevane på skulen. Ein spør også om det kjem endringar i skulestrukturen dei komande åra som vil endre situasjonen for Larsnes skule. FAU nyttar høvet til å rose dei tilsette.