Herøy kommune er nominert i kåringa av årets nynorskkommune for 2021. I nominasjonen legg Språkrådet mellom anna vekt på gjennomtenkte nynorsktiltak i barnehage og skule og at kommunen nyttar marknadsmakta si godt i val og utvikling av læremiddel på nynorsk.
Herøy kan bli årets nynorskkommune. Det melder Språkrådet i ei pressemelding. Vinnaren blir kåra av Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (t.h.) 22. november. Dei andre på biletet er direktør i Språkrådet Åse Wetås (t.v.) og nynorskens far Ivar Aasen (fremst).
Foto: Språkrådet