At dei som driv butikk og har kontor i sentrum, ønskjer meir aktivitet og fleire besøkande, er ikkje ei overrasking. Men det er eit temmeleg alvorleg signal som no kjem frå fleire titals bedrifter i Fosnavåg.

Dei set nemleg ord på det mange med tilknyting til - og interesse for - sentrum, lenge har snakka om. Det kjem færre besøkande til sentrum og aktiviteten går ned.

Eigentleg er det berre å traske seg ein tur gjennom Fosnavåg sentrum ein heilt vanleg dag. Det er lite folk å sjå, og i mange butikkar kan det gå lenge mellom kvar kunde kjem innom. Dessutan er det mange typiske butikklokale som er mørklagde, stundom med ein lapp i vindauget om at lokala er ledige.

Lysande unntak finst det sjølvsagt, og situasjonen er ikkje bekmørk. Men når ei samla handelsnæring i sentrum kjem med det ein nærast kan rekne som eit naudrop, då bør alle med interesse for at utviklinga i Fosnavåg og Herøy skal vere god, lytte.

Oppropet som ein kan lese ein annan stad i avisa kan vanskeleg tolkast annleis enn at ein også er misnøgde med måten kommunen har stilt opp for sentrum på. Og som alltid er det kommunestyret som har øvste ansvar.

Gledeleg nok kom det pengar til eit nytt prosjekt med sentrumsutvikling denne veka. Her blir det avgjerande at det faktisk ogå blir handling, og ikkje berre ord. Det finst utalege sentrumsplanar og festtalar som opp gjennom åra har blitt framførte, men utan at det har skjedd all verda.

Fosnavåg sentrum burde spele på sine fortrinn som ein liten kystby med rik historie, både ut frå naturgjevne premissar og faktisk også arkitektur. Varsellampane har lyst i mange år når det gjeld lokal handel, men verkar å blinke sterkare i dag. Les gjerne oppropet, i ei sak vi kjem til å føge opp i lokalavisa.