Det er i kjølvatnet av eit forvaltingsrevisjonsprosjekt at kommunen styrkjer innsatsen mot dei minste. Konkret gjeld det fem handlingspunkt:
1) Skal vurdere å opprette faste møtepunkt mellom barnehagane og PPT ute i einingane. Må vurderast i høve til PPT sin kapasitet.
2) Iverksetting av tiltak for å få implementert «prosedyre for å ivareta det einskilde barn under skulealder».
3) Innføring av skriftlege rutinar for å fange opp førskulebarn som ikkje går i barnehage.
4) Sterkare involvering av kontaktlærar i overgangsarbeid og -aktivitetar mellom barnehage og skule.
5) Vurdere om tilbakemelding frå skule til barnehage ved avslutta 1. klasse bør inngå som ein del av overgangsplanen.
Rådmannen får jobben med å rapportere om status for gjennomføringar, tilrådingar og framdrift. Rapporteringa skal skje til kontrollutvalet.