- Vi er glade for å kunne presentere Anders Helsem Hoff (39) som ny hovudtrenar i Larsnes/Gursken fotballklubb, seier sportsleg leiar Kjell-Åge Saure. Anders kjem frå rolla som trenar for G16 i Bergsøy, ein klubb han har vore aktiv i sidan han var seks år gamal. Han har også vore assistenttrenar i fem år under ulike trenarar i 4. divisjonsklubben Bergsøy, skriv LGFK i ei pressemelding.

Anders Helsem Hoff seier sjølv dette i pressemeldinga.

- Eg meiner LGFK har ein god stall med mykje fotballkompetanse og har lyst til å vere med på å utvikle laget vidare, seier Hoff.

LGFK skriv vidare at Hoff har solid utdanning, erfaring som trenar og har i dag UEFA B-lisens.

Styreleiar i LGFK, Synnøve Nystøyl, er glad for at avtalen er på plass og ser fram til ein ny, spennande fotballsesong. Ho ønskjer den nye trenaren hjarteleg velkomen til klubben. Frode Fuglseth og Øyvind Grønnevik skal vere lagleiarar. Assistenttrenar vil kome på plass med det aller første.

Vestlandsnytt kjem tilbake med meir!