Det meiner kommuneadvokat Reidar Andresen, som har gjort ei juridisk vurdering av tvisten mellom kommunen og hurtigruteselskapet rundt Hurtigruten ASA si betalingsplikt for anløp av Herøyterminalen. Hurtigruten ASA har bestride fleire sider av avgiftsordninga som tok til å gjelde for vel eit år sidan.

110.000 kroner

På grunn av tvisten har hurtigruteselskapet ikkje betalt ei krone til kommunen etter at anløpsavgifta blei innført. Den skuldige summen er no komen opp i over 110.000 kroner. Sidan Herøyterminalen er ei privateigd kai, går Hurtigruten ASA klar kaiavgifta, og skal etter reglementet ikkje betale anna enn for ferdselen i kommunen sitt hamneområde.

Men også denne delen av avgiftsordninga er bestriden av hurtigruteselskapet. Dei hevdar mellom anna at avgifta ikkje står i forhold til den innsatsen som kommunen har i hamneområdet, og meiner kommunen ikkje berettiga kan innføre anløpsavgift så lenge kommunen ikkje har gjort eit einaste tiltak som kjem inn under reglane for slik avgift.

Vidare meiner Hurtigruten ASA at dei blir belasta med ein for stor del av dei totale inntektene av anløpsavgifta. Kommunen sine kostnader med å krevje inn avgifta er eit anna sentralt ankepunkt frå hurtigruteselskapet si side.

Inga inntektskjelde

Kommuneadvokaten viser til at kommunen har lagt seg på eit minimumsbeløp på 140 kroner per anløp, og meiner Hurtigruten sin andel av inntektene på langt nær er så høg som selskapet sjølv hevdar. Storleiken på beløpet tilseier at avgifta er kostnadsorientert, og ikkje noko inntektskjelde for kommunen, skriv Andresen.

Andresen tilbakeviser påstanden om at det må ligge føre kostnader i samband med investeringar og vedlikehald før kommunen kan krevje anløpsavgift. Han viser til at kommunen har kostnader med utøving av offentleg myndigheit, noko lova gir heimel for å få dekka inn gjennom anløpsavgift.

Hurtigruten ASA har også stilt spørsmål ved kommunen sin bruk av 300.000 kroner i året til reistrering og fakturering for anløp.

Avtalen med Ålesundregionens havnevesen er inngått for å oppnå så låge kostnader som råd er med hamnedrifta, understrekar han.

JANN FLATVAL