Dermed har skulesaka i Sande nådd nye høgder. Innspelet kjem berre nokre dagar før kommunestyret skal behandle skulesaka. Innstillinga frå formannskapet er som kjent at Sandsøy skule og Gjerdsvika skule skal leggjast ned med verknad frå 1. august 2019.

Viktig å kunngjere dette

– For oss er det viktig å presisere at dette ikkje er nokon tom trussel, ikkje eit middel for å skremme dei ansvarlege. Men det er viktig å kommunisere ut kva som skjer viss Sande kommune vel denne løysinga.

Det seier styreleiar i GO Group AS og dagleg leiar i Sandefisk AS, Ole Sande.

Har møtt kommuneleiinga

Leiinga i GO Group møtte denne veka politisk og administrativ leiing i Sande kommune for å drøfte skulesaka. Ordføraren er varsla om informasjonen Sandefisk no går ut med.

– Det vert frå kommunen si side synt utelukkande til elevtalet på Sandsøy skule. At ein difor skal leggje ned, vert som å søkkje ein båt fordi han vore dårleg vedlikehalden, seier Sande vidare.

Logistisk utfordrande allereie

For Sandefisk og reiarlaget som snart har to linebåtar, er det omsynet til krinsen si framtid, og rekruttering, som er avgjerande for viktigheita av at krinsen framleis har eit skuletilbod.

– Logistikken med å drive på Sandsøya er utfordrande nok slik han er i dag. Utan skule vert det umogleg til dømes å rekruttere barnefamiliar. Så enkelt er det. Vi har i det siste satsa meir på rekruttering av norske arbeidarar i staden for innleige frå Baltikum, med hell. For oss er det eit spørsmål om å sjå inn i framtida, seier Ole Sande til Vestlandsnytt.

Med dei planane som ligg føre med utviding av anlegget på Sandsøya, og bygginga som er godt i gang av linebåt nummer to, 15-metringen «Fønix», vil dei to selskapa samla ha 45 til 50 tilsette, i fylgje Sande.

Tapsprosjekt for kommunen?

– Nokre av dei tilsette bur rett nok ikkje i Sande, men det gjer dei fleste. Det er ikkje vanskeleg å sjå at ei nedlegging av skulen, som i neste omgang vil føre til at om vi legg ned i Sande, resulterer det i at kommunen samla sett taper meir enn dei sparar på skulenedlegginga, seier styreleiaren i GO Group.

Ole Sande opplyser at dei allereie er i dialog om ein aktuell ny lokasjon for Sandefisk i ein nabokommune, medan reiarlaget nærast med eit pennestrok kan endre heimkommune. Aktuelt her er Giske og Herøy.

– Vår økonomiske utvikling gjer at vi også har rygg til å sitje på lokalitetane på Sandshamn utan at det vil påverke flytteprosessen.

Vil i konstruktiv framtidsdialog

Sande legg til at dei ikkje går ut med denne oppsiktsvekkjande informasjonen for å «truge» kommunen.

– I staden rekkjer vi ut handa til kommunen og inviterer til ein konstruktiv dialog. Ein dialog om korleis ein kan få opp vekst og tilflytting. Vi kan ikkje betale for skuleplassar, men vi kan til dømes bidra økonomisk og med andre ressursar i ei dialoggruppe som kan snu den negative trenden. Det er nemleg mykje positivt som skjer på næringslivsfronten.

– Gjennom investeringar og planar signaliserer vi i utgangspunktet vilje til å satse i Sande. Ein skulle ynskje at også Sande kommune hadde ei framoverretta haldning. Ryk skulen, ryk også ei «lunge» i eit lokalsamfunn. Det er nærliggande å sjå at mykje anna vil rakne på Sandsøya om han blir lagt ned, seier Ole Sande.