– Vi tenkte at det er synd å skulle kjøpe nye kjolar kvar gong det er skuleball eller jul. Og så er det lurt å kjøpe og selje brukt, for då sparar vi både pengar og miljøet, seier Una Myren (14).

Ho sat heime ved middagsbordet ein kveld, då mora, Torill Myren, bringa temaet på banen. Ideen kom dei to på allereie i fjor, men han vart ikkje realisert. No er elles Una klar, og ho har fått med seg fleire venninner, derimellom Lydia Åsberg (14).

– Ideen verkar veldig smart. Kjolar er ofte dyre, og viss du ikkje skal bruke dei så mykje, er det litt bortkasta pengar, seier ho.

Frå 13 år og oppover

På bruktmarknaden for ballkjolar og julekjolar reknar jentene med å omsette kjolar i stilar og storleikar som passar for jenter og damer frå 13 år og oppover.

– Dei som vil selje kjolar, kan levere dei i kjellaren i Frikyrkja dagen før (16 nov. Red, anm.). Alle må donere minst 20 % av inntektene til Star of Hope, seier Una.

Resten – 80 % – går til seljaren sjølv.

– Og viss ein vil, kan ein donere heile beløpet.

Støtter utdanning

Star of Hope jobbar for å gi utdanning til vanskelegstilte barn over heile verda. Herøy Frikyrkje og bruktbutikken Minneriet har samarbeidsavtale med organisasjonen.

Una og Torill har oppretta ei side, «Ballkjoletorg – brukt og bra» på Facebook, der du kan få meir informasjon om arrangementet.