Vi kan feire påske ved å lese oss gjennom dei fire evangelistane si skildring av Jesu siste dramatiske veke i Jerusalem før han døde og oppstod igjen. Dei fire fyrste bøkene i Det nye testamentet i Bibelen gjev oss detaljerte skildringar frå dei som var augevitne til det historiske som skjedde i år 33. Jesu død og oppstode har sidan vore grunnlaget for all tolking av det som er å lese i Bibelen, både i Det gamle testamentet og i Det nye testamentet for menneske som kanskje undrar seg over dette med frelse, soning, oppstode og evig liv.

Matteus, Markus, Lukas og Johannes var fire av dei tolv læresveinane som vert rekna å stå Jesus nærast, i tillegg til nokre kvinner som også var med i Jesus sin næraste flokk som Maria Magdalena, den andre Maria og sjølvsagt Maria, Jesu mor. Alle desse augevitna og mange fleire er omtalte i det som Matteus, Markus, Lukas og Johannes skildrar i sine bøker.

For å verkeleg få ta inn påskebodskapen på nytt denne påskeveka, så anbefaler eg å sjølv ta seg tid til å lese i Bibelen i dei siste kapitla av kvar av desse evangelia. Til saman gjev dei eit godt innblikk i kva som eigentleg skjedde med Jesus Kristus i år 33. Dei fleste har ein Bibel eller fleire tilgjengeleg i heimen sin, eller så er det veldig enkelt i dag å lese Bibelen digitalt, til dømes gjennom å søke opp www.bibel.no. Der finn du bibeltekstene på både nynorsk og bokmål og på dei tre samiske språka osb. Skildringane av Jesu siste dramatiske veke saman med læresveinane og andre vener er framleis grunnen til at vi i år igjen skal feire påskebodskapen i kyrkjene våre, og leve oss inn i dramatikken i påskeveka, dag for dag. Mi erfaring er at for kvar gong eg tek meg tid til å verkeleg leve meg inn i det som skjedde, så vert fortellingane rikare og meir levande og kanskje også derfor vert påskefeiringa i kyrkjene meir gripande?

Altertavla i Indre Herøy kyrkje viser fortellinga frå påskedag om kvinna som kom til grava og fann grava tom! Maria Magdalena blir forskrekka, men ser opp og der står ein lysande engel som stadfester det som hadde hendt. Jesus hadde sprengt dødens krefter! Kyrkja vart innvia 18.august 1916. Kyrkjerommet er rikt dekorert og uvanleg fargesterkt, og målingsarbeidet vart utført av dekorasjonsmålaren Johan Haddal i 1921.

Reise bort – vere heime i påska

Mange reiser bort i påskeveka, men mange er også heime og det er godt at det er gode tilbod om gudstenester frå palmesøndag via den stille veke med skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan og så kjem vi endeleg til gleda på påskedag!

I år er det også ei glede at Kjeldsund Leirstad og gjestegard for andre året på rad kjem med fleire tilbod for alle generasjonar gjennom fyrste halvdel av påskeveka. Her vil vi særleg anbefale påskevandringa som står ute på Kjeldsund heile påska. Ei vandring frå Kjeldsundtunet, i hagen og bortover til gapahuken er alltid ei oppleving, og no med «påskestasjonar», noko å tenke over medan vi er ute og går også.

Herøy kyrkje har mange mindre glassmålerier som er innstøypte i veggane på ulike stader i kyrkja. Kunstnaren er Per Odd Aarrestad. Motivet her er nattverden, og det minner om skjærtorsdagens siste måltid. Vi ser kalken/begeret og brødet, dei to elementa i nattverden. Herøy kyrkje er no ei av landets best utrusta arbeidskyrkjer, med kyrkjekontor, møtesal og mange rom for ulike formål, fordelt på tre etasjer, inkludert gymsal og amfi. Kyrkja vart vigsla 16.febr 2003.

God påske

Ordet påske er hebraisk og tyder «å gå forbi». Eitt av dei engelske orda for påske er «passover» som tyder det same. Så når vi seier «God påske» til kvarandre, så seier vi eigentleg «god forbigang». Påska er ein minnefest om at Gud let israelittane reise ut frå Egypt og busetje seg i Kanaan. Bibelen fortel at folket kom til Egypt, fordi det var lite mat i Kanaan der dei budde. Dei kom som gjestar til Egypt, men blei etter kvart mange og blei gjort til slavar. Natta før dei drog tilbake til Kanaan, herja ein dødsengel i Egypt. Engelen gjekk forbi husa til israelittane. Det var fordi dei hadde gjort som Gud bad dei om, og stroke blod frå eit lam på dørstolpane, derav ordet «forbigang». Påskefeiringa fortel om skuld og soning, om liv og død og liv. Sjølv om innhaldet i kristen påske er noko anna enn i den jødiske påska, er motiver frå den jødiske påska med i kyrkjas påskefeiring. Påske har røter langt tilbake.

På Jesu tid var Jerusalem ein by på om lag 100.000 menneske. I høgtidene vart folketalet mangedobla. Og pilegrimane vart godt tatt imot – dei vart helsa med dei gamle orda frå Salme 118: ”Velsigna vere han som kjem i Herrens namn.”

Påskelam vart slakta og påskemåltid vart førebudd. Sjølve feiringa var ein familiefest der husfaren leda måltidet, slik det skjer den dag i dag i jødiske familiar over heile verda. Måltidet har mange symbolske element, og husfaren får eit av barna til å spørre «Kvifor er denne kvelden annleis enn alle andre kveldar?» Det gir husfar høve til å forklare symbolikken i måltidet og på den måten kan dei leve seg gjennom påska si meining sett ut frå det gamle testamentet og dei andre læreskriftene i jødedommen. Vår kristne påskefeiring kviler på dette, men med anna fokus på kven Messias er og håpet som er knytt til Jesu død og oppstode. Palmesøndag innleier påskelidinga.

Dagen har vore feira med eit opptog i Jerusalem heilt frå 300-talet. Palmesøndag rei Jesus inn i Jerusalem på eit esel. Folket tok imot Jesus som ein konge. Dei vifta med palmegreiner og ropte «Hosianna». Ordet Hosianna tyder «velkomen» og/eller «hjelp meg». Opptog med palmegreiner er framleis ein stor del av påskefeiringa i mange land på denne dagen, særleg i Spania og Italia og i Latin-Amerika. Palmeblada blir tatt vare på og blir brente året etter på oskeonsdag. Mange stader, også i Norge, startar gudstenesta på palmesøndag utafor kyrkja med «palmegreiner» og song.

Denne talande altertavla er laga av Karl Straume og Arne Kinsarvik i 1919, same året som kyrkja vart bygd. Motivet er frå Jesu avskjedstale før han reiste tilbake til himmelen. Det er det som vi markerer kvart år på Kristi himmelfartsdag/ helgetorsdag.

Den stille veka frå palmesøndag til påskedag

Veka blir kalla stille fordi i tidlegare tider skulle alle lydar vere dempa desse dagane. Kyrkjeklokkene skulle vere tause eller berre bli slått på med trekøller, og prestane oppfordra folk til å tenke på Jesu lidingsveg fram til Golgata.

Skjærtorsdag

Torsdagen i den stille veka blir kalla skjærtorsdag. Jesus samla dei tolv læresveinane sine for å ete det siste måltidet saman. Etter at dei hadde ete, tok Jesus brød og vin, takka Gud for det, velsigna det og gav det til læresveinane. Nattverden er vanleg i gudstenestene på skjærtorsdag. Skjærtorsdagen har mange namn. Det norske namnet på dagen kjem av det gammalnorske «skira» som betyr å reinse. Det kan nok også vise til fotvaskinga som dei måtte gjere før måltidet. Både hender og føter måtte vaskast. Det spesielle med dette siste måltidet var at Jesus vaska føtene til læresveinane i staden for tenarane. I mellomalderen vart fotvaskinga ein skikk der både kongar og kyrkjeleiarar vaska føtene til fattige. No har det blitt vanleg fleire stader igjen med symbolsk fotvasking i høve skjærtorsdagsgudstenesta.

Ein særleg skikk som også vert halden i hevd i dei fleste kyrkjene i landet vårt er «avdekking av alteret» som det siste som skjer i gudstenesta skjærtorsdag. Alt alterutstyr blir bore ut, og alteret vert dekka med eit svart klede, ei tornekrone og fem raude roser – ei for kvar av Jesu fem sårmerker – før kyrkjelyden går ut av kyrkja.

I kyrkjer som har alterskap, vil det vere meir naturleg å late att alterskapet, slik dei gjer det i Herøy kyrkje. Uansett, er dette ei sterk avslutning på ei innhaldsmetta gudsteneste.

Nattverd er vanleg i dei fleste gudstenestene på søndagane, året rundt, men særleg på skjærtorsdag for å minnast Jesu siste måltid.

Larsnes kyrkje har eit stort glassmåleri, laga av Anne Britt Krag i 2000. Motivet er den krossfesta Jesus Kristus. Eit flott blikkfang i kyrkja som vart vigsla 27.august 1989, ei moderne arbeidskyrkje med prestekontor og møtesal.

Langfredag

Dagens namn har ingen god forklaring, bortsett frå at dagen må ha vore ekstra lang for Jesus som måtte ha visst kva han måtte gjennom, sidan han var både Gud og menneske. På engelsk vert langfredag kalla for «Good Friday» som tyder «god fredag» av den grunn at sjølv om dagen var trist, så måtte det til, slik det var profetert om tidlegare. I løpet av natta til langfredag blei Jesus dømt til døden. Han blei hengt på eit kors mellom to røvarar. Eit mørke spreidde seg, og jorda skalv. Det siste Jesus sa på korset, var: «Det er fullført».

Hovudinnhaldet i langfredagens gudsteneste er lesinga av lidingssoga, eller den musikalske resitasjonen av lidingssoga. I år skal det lesast frå Markusevangeliet kapittel 14 og 15. Ein av salmane vi ofte syng ved innleiinga til lesinga er «Den stunda i Getsemane» eg aldri gløyma kan». Bjørn Eidsvågs «Til alle tider» er ofte med i langfredagsgudstenesta.

Påskeaftan

Påskeaftan var ein dag for å tenke over at Jesus kvilte i grava. Påskehelga blir ringt inn i kyrkjene våre, i ein heil time på ettermiddagen. Mange stader i landet vårt er det vanleg å feire midnattsmesse, både i våre lutherske kyrkjer, i dei katolske og i dei ortodokse kyrkjene, natt til påskedag. Det er spesielt å gå ut av kyrkja ved midnatt og synge ut over gravene at Jesus har sigra. Vi gjorde det i fjor i Gursken og kanskje går vi saman om det neste år også.

Påskedag

Mange kyrkjelydar samlar seg til felles frukost denne dagen. Det er tid for glede og fellesskap, og det fortset inn i kyrkja med festgudsteneste. Denne dagen vert det lest frå Matteus 28, 1–10 som handlar om at Maria Magdalena og den andre Maria (Jesu mor) til grava tidleg på morgonen. Då dei kom til grava, vart steinen framfor grava rulla til sides av ein engel som snakka med dei om det som hadde hendt, om det at Jesus ikkje var der i grava lenger! Songen «Dine hender er fulle av blomar» fortel om påskemorgon på ein poetisk måte. Alle fire evangelistane fortel om oppstoda, om Jesus som vann over døden og opna ein veg til livet for alle. Då kan vi gjerne synge med i år også i Gruntvigs store påskesalme:

Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid; den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid. Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid.

Altertavla i Leikanger/Leikong kyrkje er ein kopi av altertavla som sto i Ørskog kyrkje, før kyrkja vart plukka ned og sett oppatt som Leikanger kyrkje. Ho vart vigsla 26.januar 1873 og feira 150-årsjubileum i fjor for tida ho har stått på Leikong. Altertavla viser korsfestinga i midtfeltet nede. Rett over ser vi den sigrande Kristus.