Det har ulma under overflata nokre år, men no er på mange måtar katten ute av sekken. Vi fatta interesse for ei tilbakemelding Møre og Romsdal hadde gitt Sande kommune om ein snuplass på Skare på Sandsøya. Der slo fylkeskommunen fast at det uansett ikkje er lovleg å køyre storbuss på øya, med vising til fylkesvegane si klassifisering.

I neste omgang leia det fram til å finne lista over fylkesvegar og kommunevegar i Herøy og Sande. Her kjem det fram at det særskilt er fire ytre-øyar som er omfatta av den ein kan kalle nedsett klassifisering. Åtte tonns akseltrykk og generelt låg maksvekt gjeld for Kvamsøya, Sandsøya/Voksa, Nerlandsøya og Runde. Og – paradoksalt nok – fylkesvegen forbi Gursken industriområde.

Dessutan kjem fylkeskommunen no på bana og vedgår at dei sjølve bryt reglane og køyrer for tunge køyretøy (les: buss) i enkeltbygder. Slik vi skjønar det, gjeld dette vegar på Nerlandsøya. No vert det full oppvask internt.

Langt meir alvorleg vil det bli om ein no skal tolke reglane etter bokstav. Det ville rett og slett by på enorme vanskar for folk og næringsliv. Då dreier det seg sjølvsagt ikkje om bussar, men om semitrailerar, vogntog og alle moglege former for større leveransar. I alle dei fire krinsane som har såkalla låg bruksklasse, finn vi næringsliv og landbruk som faktisk dagleg treng tungtransport til gards.

Så er spørsmålet om ein skal lukke augo og håpe på det beste. Uansett trengst det, som ein lokal transportør er inne på, ein revisjon og grundig gjennomgang, også når det gjeld kommunevegane. Det vil vere naturleg at saka vert gripen tak i av kommunane, slik at det kjem på bordet konstruktive innspel og forslag til løysingar.

Er det verkeleg slik at utøyane må finne seg i å ha «kjerrevegar», så er det nokon som har sove i timen. Altfor lenge.