Leiar →
«Lenge var det nærast slik at det var om å gjere at ungdomen kom seg vekk frå bygdene»
Dei seinare åra kan det sjå ut til å ha kome eit oppsving i talet på ungdomar som satsar på yrkesretta utdanning. Både innan fiskerinæringa og når det gjeld rekruttering til offshorenæringa er det bra interesse for ein karriereveg både mellom jenter og gutar. Seinast denne veka har Vestlandsnytt hatt oppslag om unge fiskarar som satsar sjølve, startar i det små med eigen båt og etter alt å døme siktar høgt.