Sande kommune har hamna i to kai-relaterte saker som skaper hovudbry. Begge er eller vil bli gjenstand for juridiske vurderingar.

Den første skriv seg frå den såkalla kommunekaia på Larsnes. Allmenningskaia like sørvest for ferjekaia har hamna i ein konflikt med bruken av ferjekaia, ein bruk som vil forsterke seg når ferjekaia som skal byggast neste år, vert større. Frå 1. januar 2025 kjem det også ei større ferje, noko som vil aktualisere problematikken endå meir.

Fylkeskommunen har lenge tvihalde på at utbygginga av ferjekaia ikkje utløyser nokon ansvarsrett for allmenningskaia. Kommunen har sidan utbyggingsplanane for ferjekaia vart lanserte, åtvara mot den situasjonen ein no er på full fart inn i.

Eit anna moment gjeld den nye ambulansebåten, som har blitt så stor at han ikkje lenger får plass inne i hamnebassenget, nordaust for ferjekaia. Saka vert ikkje mindre spesiell; vi skjønar det også slik at konkurrentar til dei som fekk tilslaget på ny ambulansebåt, faktisk dimensjonerte sitt tilbod for bruk av den eksisterande ambulansebåtkaia, som no altså er funnen for liten.

Som om ikkje dette er nok, har det blitt akutt krise på Kvamsøya, der kommunen si allmenningskai er stengd. Det skjedde etter at A. Våge AS slo alarm etter ein inspeksjon. Kaia held på å kollapse, vart det varsla. Det resulterte i at kaia no er stengd. Her prøvar kommunen å rette ansvaret over på Kystverket, og tidlegare mudringar som skal ha rokka med grunnen til kaia.

Akkurat i denne saka skulle ein tru at det viktigaste i første omgang må vere å fikse skadane før dei utviklar seg, og at ein dermed unngår fordyrande ventetid. Og så får partane sjølve, eventuelt assistert av andre, verte samde om kven som tek rekninga til slutt.