– Der er nokre ledige felt på namneskilta til deltakarane. I løpet av dagen skal dei bli fylte med tre opplysningar: 1. Deltakaren sin viktigaste personlege eigenskap. 2. Bedrifta sin viktigaste ressurs. 3. Kva dei kan bidra med inn i eit samarbeid? I morgon skal vi jobbe vidare med desse tinga.

Det seier programleiar Pål K. Medhus, som guidar dei nær 100 deltakarane gjennom opplevingsfestivalen på Thon Hotel Fosnavåg måndag og tysdag denne veka.

På gjestelista finn vi aktørar innan både reiseliv, kultur og produksjon av lokalmat og drikke.

Medhus vert rekna som ein av Noregs fremste innan opplevingsutvikling og vil mellom anna setje fokus på enkle grep og praktiske metodar aktørane kan bruke for å utvikle seg.

– Eg trur noko av det aller viktigaste for å kunne utvikle reiseliv er å dyrke styrke – å finne ut kva ein er god på og gjere det endå betre, seier han.

Nettverksbygging

Meininga med festivalen er ikkje å få med seg ei rekkje føredrag, men å byggje nettverk med andre aktørar frå heile regionen, understrekar prosjektleiar Jan Sverre Sivertsen.

– Vi er eit såpass lite og kompakt fylke at vi treng at alle som driv innan desse tinga har dialog. Er du på reise og skal oppleve noko, har du transport, hotell, mat og opplevingar – men det er veldig sjeldan at alt dette er koordinert. Der er mykje prat om samarbeid i opplevings- og reiselivsnæringa, og det er fint og flott. Men kva skal vi gjere? Kva skal kvar enkelt gjere? Samarbeid er vesentleg fordi ei totaloppleving handlar om fleire element. Først og fremst handlar denne festivalen om å skape koplingar mellom alle dei ulike aktørane som ikkje kjenner kvarandre eller snakkar saman til dagleg. På kva måte kan dei bidra inn mot kvarandre, seier Sivertsen.

Prosjektet

Opplevingsfestivalen er ein del av det fylkeskommunale, treårige prosjektet, «Reiseliv, Mat og Kultur i Møre og Romsdal», som skal halde på fram til våren 2021.

– Vi er i Fosnavåg fordi vi ønskte å kome oss vekk frå dei store byane, samtidig som vi trengde god plass. Dessutan skjer det mykje spennande i Fosnavåg, der det byrjar å poppe opp litt aktivitetstilbod, seier Sivertsen.

Mellom dei lokale deltakarane på festivalen, finn vi mellom andre Havopplevelse, Havila, Runde Miljøsenter, Skotholmen AS og Thon Hotel Fosnavåg.