Dei siste vekene har det vore fleire ryddeaksjonar i Herøy og Sande. Her er bildeglimt frå nokre av dei:
1 / 17
Historisk innsats: På Sandsøya/Voksa var det i år ein historisk stor innsats i strandryddeaksjonen. Til saman vart det samla inn nærare 20 kubikkmeter med plast og anna rusk langs strendene. – Vi ynskjer å takke alle dei som bidrog. Folk er flinke. I år planla vi ryddinga slik at folk kunne velje sjølve kva dei og kvar dei gjekk langs fjøra og plukka plast. Vi har fått gode tilbakemeldingar på dette opplegget, seier Ingrid Bringsvor Voksøy og Fredrik Baade i Sandsøy frilynde ungdomslag. Nærare 20 kubikkmeter med sekkar og rusk låg i ein stor haug utanfor Dollstun etter ryddeaksjonen. Likevel er dette berre ein brøkdel av alt som ligg i fjøra. – Vi har utarbeidd eit eige kart og merka av dei stadane der det er samla inn, slik at det er lettare å få oversikt over kvar innsatsen må gjerast neste gong, opplyser ungdomslaget. Søndag var det også rydding langs vegane i krinsen. I tillegg var det «ryddekafè» på Dollstun, der skuleelevar og foreldre stod for bevertninga. (Foto: Sandsøy frilynde ungdomslag)