Sofram Takeaway & Catering AS, ved Kadir Dikbas, har søkt Herøy kommune om å få utvide opningstidene ved restauranten i Vågsgata i Fosnavåg, og ved serveringsstaden i Myrvåg. I søknaden skriv Dikbas at det på grunn av førespurnadar frå kundar og auka kundekrets er ynskjeleg at restauranten i Fosnavåg kan ha ope fram til 05:00 natt til laurdag og natt til søndag. Ved serveringsstaden i Myrvåg ynskjer Dikbas å operere etter 7/24-konseptet (døgnope) i helgane.

I si saksutgreiing legg rådmannen stor vekt på likebehandling av serveringsstadane.

– Det har aldri vore gitt serveringsløyve heile døgnet og etter kl. 03.00 i helga. Saka er av prinsipiell karakter og vil skape presedens for seinare saker, skriv rådmannen.

Han vender tommelen ned til søknaden, og viser mellom anna til at det i Fosnavåg sentrum bur ein del folk, som fort vil kunne oppleve utvida opningstid som eit uromoment, då lenger opningstid kan kome til å samle ein del personar etter at skjenkestadane stenger.

Lite ynskjeleg for politiet

Også politiet ser det som lite ynskjeleg med utvida opningstid i Fosnavåg. Søknaden i Myrvåg, har dei derimot ingen merknader til. Det har derimot rådmannen, som meiner det er viktig at alle serveringsstadane i kommunen får likt løyve.

Formannskapet gjorde vedtak i saka førre veke. Dei gjekk samrøystes inn for rådmannen si tilråding om å seie nei til utvida serveringsløyve. Faktisk skjedde det utan diskusjon.