– Vi lærer litt for kvart år, og planlegginga og organiseringa går dermed stadig lettare, fortel Randi Goksøyr, leiar i Runde kvinne- og familielag og Kari-Mette Runde Eide, nestleiar i Runde Grendalag.

Det er Runde Grendalag og Runde Kvinne- og familielag som står som arrangørar av dagen, men heile øya stiller opp på dugnad for å få arrangementet i hamn. Så langt har det meste vore på planleggingsstadiet, men no hardnar det til.

– Vi er akkurat ferdige med årets manus til det historiske spelet vårt, «Sogå om rondagolljet». Vi har også dikta og spelt inn ein del nye songar til spelet. No når dette er på plass, startar vi kostymesyinga, fortel Goksøyr.

Rundingane organiserer seg i mange små komitear, der kvar gruppe har ansvar for ulike programpostar.

– Dei fleste av gruppene er godt i gang med arbeidet no. Éi gruppe har allereie slege graset ved hamna der rundedagstelta skal stå, nokre arbeider med tombolaen, andre med kunstutstillinga.

Eide og Goksøyr kan også fortelje at fleire lokale produsentar har meldt seg på. Mange, både fastbuande og andre, er interesserte i å selje varene sine på Rundedagen, så her vil ein kunne finne mykje forskjellig. I tillegg stiller Runde blandakor velvillig opp, og Knut Arne Høyvik vil kome og halde eit kåseri.

– Høyvik er ein kjend kåsør, og vi har vorte ekstra godt kjende med han sidan han begynte å skrive i Vestlandsnytt. Vi gler oss til å høyre kva han vil bidra med, seier Eide.

For borna vert det eigen leikekrok med mellom anna hoppeslott, og ein skal slett ikkje sjå vekk frå at det kan dukke opp ein sjørøvar eller to i år også. Dei har ein tendens til å stikke innom under det populære barnespelet.

Det er likevel ikkje alt som kan gjerast fleire veker i førevegen. Den vidgjetne fiskesuppa må naturlegvis vere heilt fersk, så den må ein vente med. Rundt 70 liter går med for å mette dei tilreisande, og ein heil gjeng er i sving på bedehuskjøkenet for å få suppa klar.

– Elles sel vi pølser med brød, sveler og kaker. Vi har fått lovnad om nærare 40 kaker, opplyser Goksøyr.

Rundingane har så å seie alltid vore heldige med vêret denne dagen. Berre eitt år har det vore regn.

– Det skal rett nok regne ein del dei komande dagane, men vi satsar på at det er forbigåande, seier Goksøyr.

Statistisk sett er det altså gode sjansar for godt vêr, og ein treng uansett ikkje å tvile på at det vert ein kjekk dag.

– Vi kan love triveleg stemning, spanande underhaldning, fine kulturinnslag og god mat. Vi ser i alle fall veldig fram til årets Rundedag, og vi vil nytte høvet til å ynskje alle hjarteleg velkomne, smiler Eide og Goksøyr.