Metrologisk institutt varslar ekstremt kraftig vindkast og orkan frå onsdag ettermiddag til torsdag morgon.

Sande kommune har følgjande å seie om situasjonen:

  • Barnehagane er opne, men Sande kommune ber føresette hente barnehagebarn seinast klokka 14.00.

  • Barn som ikkje har skuleskyss bør hentast når skulen er slutt.

  • SFO er stengt på ettermiddag onsdag 31.januar.

Tysdag ettermiddag/kveld ligg det an til at skulebussane går som vanleg onsdag morgon.

Dersom vervarselet inneber at skulebussane vert innstilte, vil kommunen kome med ny informasjon.

I løpet av onsdagen kan det kome ny informasjon knytt til barnehage og skule. Situasjonen vert vurdert fortløpande, opplyser kommunen på sine heimesider.

På Sandsøy og Kvamsøy vert skule/barnehage stengt.

Kulturskulen avlyser sine aktivitetar i morgon ettermiddag.