Det er juletid og vi syng og lyttar til både gamle og nyare julesongar som vekker minner og gjev oss håp om ei god jul igjen. Jakob Sande skreiv «Det lyser i stille grender» ein varm sommardag. Han var frå Dale i Sunnfjord og var heime på sommarferie då redaksjonen i juleheftet for Sunnfjord utfordra han til å skrive ein julesong. Denne julesongen trefte ein nerve då han vart framført fyrste gongen og det gjer songteksten framleis og mange kan alle versa i songen utanåt. Slik lyder det fyrste verset: «Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld. Og tusene barnehender mot himmelen ljosa held»

Dette er ein song vi gjerne syng iallfall på julekvelden, for når vi har kome til 24. desember, då startar endeleg den kyrkjelege feiringa av julehøgtida som frå gamalt av varte i 13 eller 20 dagar.

Vi veit ikkje alt om korleis det eigentleg var den fyrste julenatta, men vi veit at det er eit historisk faktum at Jesusbarnet vart fødd i Betlehem. Det er godt bevitna i fleire historiske kjelder. Det at Gud vart eit menneske, vert kalla for «inkarnasjonens mysterium» i teologisk terminologi. Det latinske omgrepet «in carne» – tyder i kjøt, og vert brukt i teologisk litteratur om at Gud vart menneske.

Jula er den fyrste av dei tre store Kristus-festane i kyrkjeåret, men historisk sett er feiringa yngre enn mange andre dagar som vart markert. Dei fyrste kristne var ikkje opptatt av fødselsdagar. Frå byrjinga var påska den store festen. På 300-talet vart det vanleg blant mange kristne å markere Jesu fødsel. Dei visste ikkje datoen for når han var født, og difor utvikla det seg til ulike tradisjonar i kyrkjene. I Egypt (den koptiske kyrkje) byrja ein å feire juledagen 6. januar, noko som tidlegare var ein førkristen solfest. I Roma valde kyrkja datoen 25. desember. Det var den dagen då romarane feira «den uovervinnelege sola sin fødselsdag».

Den romerske feiringa vart raskt populær og spreidde seg til heile den vestlege kyrkja, oppover i Vest-Europa, og vart støtta av den kristne bodskapen. Festen peiker på Jesus som det sanne lys, og i staden for å feire sola feira ein meir og meir på latin «sol salutis» som tyder «frelsa si sol» dvs. Jesus Kristus. Slik var det også da julefeiringa kom hit til landet, på 900-talet ved Håkon den gode. Den avløyste feiringa av det gamle midtvintersblotet, solsnu, og gav etter kvart eit nytt innhald til lysfesten på den mørkaste tida på året.

Den fyrste julenatta høyrde gjetarane på Betlehemsmarka den vakre englesongen om fred på jorda. Det var svar på mange hundre år med lengsel etter fridom og tryggleik, og er det djupaste ønsket også i dag, 2000 år seinare, særleg i denne urolege tida med krig på europeisk jord. Juleevangeliet frå Lukas sitt evangelium kapittel 2 rører ved hjarter over heile verda. Derfor gir det stor meining å tenke over kva som ligg i juleevangeliet for deg og meg. Over heile jorda blir det bedt om fred i kyrkjene denne julehøgtida, og slik blir det i kyrkjene i vårt område også.

Eg avsluttar med julesongen «Deilig er jorden». Av og til syng vi denne songen i trass, og nokre gonger i glede. Songen er ein av julesongane som hjelper oss med å halde fast på julemysteriet og samtidig held fokus på bodskapen om fred til jorda. Derfor må denne julesongen vere med kvart år i advent- og julehøgtida:

Deilig er jorden, prektig er Guds himmel, skjønn er sjelenes pilgrimsgang. Gjennom de fagre, riker på jorden går vi til paradis med sang.

Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang; aldri forstummer tonen fra himlen i sjelens glade pilgrimssang.

Englene sang den først for markens hyrder; skjønt fra sjel til sjel det lød: Fred over jorden, menneske, fryd deg! Oss er en evig Frelser født!

Av sokneprest i Herøy, Solfrid Leinebø Seljås

Foto: Geir Egil Eiksund (arkiv)