Pressemelding Herøy kommune v/Wenche Moltu

– Mange har ein auka risiko for alvorleg influensasjukdom. Helsegevinsten er derfor stor ved at ein tek vaksine. Vi tilbyr både influensavaksine og pneumokokkvaksine, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i Herøy kommune.

Influensavaksinering er tilrådd for alle over 65 år og personar i risikogrupper. Du kan lese meir om dette på helsenorge.no.

Du treng ikkje bestille time. Det er berre å møte opp innanfor oppsett dato/tid.

Herøy sanitetsforeining stiller med kaffi og noko å bite i som tidlegare. Dei gjer ein kjempeinnsats. Dette er vi veldig takksame for, seier seksjonsleiar forebyggande Janita Westbø Remøy.

Passar ikkje datoane kan du også få influensavaksine hjå din eigen fastlege ved å bestille time. Hjå fastlegen må du betale eigendel i tillegg til sjølve vaksinekostnaden dersom du ikkje har frikort.

Barn/ungdom

Barn/ungdom mellom 2- 17 år kan få vaksinering ved nasespray. Dette kan du få på dei oppsette vaksinasjonsdagane eller ved å ta kontakt med helsesjukepleiar ved helsestasjonen for avtale ein annan dag.

Du betalar vaksinen når du møter til vaksinasjon. Du kan betale kort, kontant og ved å vippse.

Nytt om pneumokokkvaksina

Nye tilrådingar er at denne skal takast kvar 5. år. Er du usikker på kor lenge det er sidan du tok denne vaksinen? Logg deg inn på helsenorge.no. Der finn du dato for dine vaksiner.

Er du febersjuk skal du ikkje møte til influensavaksinering. Det er du som må gjere denne vurderinga før du møter til vaksinasjon. Det er oppsett tre dagar så kom heller på ein annan dato som er oppsett.

Har du dei siste dagane vore koronasjuk eller tatt koronavaksine skal du vente ei veke før du tek pneumokokkvaksine.

Influensavaksinen kan du ta sjølv om du har tatt koronavaksine dei siste dagane.