– Skal bøndene halde fram med å produsere mat, treng vi eit kraftig inntektsløft, sa leiar i Norges Bondelag, Steinar Gimming, i samband med framlegginga av kravet.

Av det samla kravet utgjer 2,4 milliardar kroner kompensasjon for auka kostnader i 2021 og ut 2022. I denne samanheng vert det særskilt synt til auka straumpris i tillegg til sterk prisvekst både på gjødsel og fôr.

Utan at vi skal ta stilling til summane i oppgjeret, er det fullt ut forståeleg at dei som driv jordbruk etterlyser ein inntektsvekst. Ikkje minst på grunn av at reallønsveksten i næringa ser ut til å ha falle meir eller mindre samanhengande over lang tid.

Årets landbruksoppgjer har ein ekstra dimensjon med tanke på at Senterpartiet er i regjering og styrer landbrukspolitikken, i alle fall på papiret. Det gir naturleg nok ekstra forventingar.

Resultatet av årets oppgjer kan også reknast som eit rikspolitisk signal, eit retningsval for framtida. Med krigen i Ukraina som bakteppe og ein generelt uklar situasjon rundt noverande og framtidig konfliktnivå i Europa, har det vore mange røyster som meiner det er nærliggande å satse meir på sjølvberging. Det kan i neste omgang føre til at norsk landbruk ikkje vert nedbygd, men i staden får eit lyft.

Som om ikkje det er nok, opplever lokale gardbrukarar at graset, avlingane og fôret, vert kraftig nedbeita av hjort og gjæser når spiringa kjem igang. Det var seinast omtala gjennom eit hjartesukk frå ein lokal gardbrukar i førre avis.

Her treng gardbrukarar, grunneigarar og lokal forvalting eit best mogleg samarbeid for å einast om eit opplegg som – så langt ein maktar – forhindrar at markens grøde går tapt.