Dette går fram i ein mail-korrespondanse mellom Per Kristian Furø og SSR. Bakteppet for korrespondansen er at omlegginga av henterutinane har gitt ulemper for enkelte abonnentar, noko Per Kristian Furø ynskjer å ha ein diskusjon på i representantskapet til SSR.

Som døme tek Furø opp situasjonen for bebuarane i leilegheitskomplekset Holmsild, der han er styreleiar for sameiget. Der har overgangen til tømming av restavfall og papir kvar fjerde veke vist seg å ikkje fungere, og sameiget har difor sett seg nøydd til å bestille tømming av restavfall kvar fjortande dag.

For denne ekstra innhentinga har reinhaldsverket rekna seg ein ekstra kostnad på 15.840 kroner i året, slik at kvar av dei 28 leilegheitene får renovasjonsgebyret auka med 560 kroner.

– Eg trur ikkje dette var hensikta med den nye ordninga, skriv Furø til dagleg leiar og styret i SSR.

12 av leilegheitene i Holmsild er kommunale omsorgsbustader, og Furø er kommunen sin representant i styret for sameiget.