Søstrene Helene og Håheim Vike har opplevd litt av kvart sidan sist vi delte frå bloggen deira, som å henge med hovuda fyrst over fossefallet, kun stoppa av eit par steinar og hendene til badevaktene. Og dei har "bunge-jumpa", "brigde-swinga" og "zip-lina" seg mellom to land (Zambia og Zimbabwe)! Det kan du lese om her.

Men jentene jaktar ikkje berre på rein underhaldning under verdsreisa.

- Vi har alltid vore klar over at det finaste, men også vanskeligaste med vår reise vil være møte med andre menneske. Menneske som lev heilt ulike liv enn oss, skriv dei.

I eit av blogginnlegga, "Kva skal til for at eit barn kan drøyme?", reflekterer Kristine over eit slikt møte:

- Eg møter 9-åringar heime, har dei på fanget og eit av dei fyrste tinga som kjem naturlig å spørje om er «Ja, kva vil du verte når du blir stor da?». Og då kan vi få alle moglege svar. Politi, prinsesse, astronaut, lærar, kokk, fotballproff - alt deira draumar og deira fantasi kan gi dei av idear. Og eg vil oppmuntre dei. Fortelje dei at dei kan verte det dei vil. Og at å fylgje eigne draumar, det er jo det ein stor del av det liver handlar om, så her er det berre å gi gass. Og vi meiner det også. For kvifor kan ikkje denne 9-åring bli fotballproff eller politi? Det er ikkje sikkert han eller ho vil det sjølv om 10 år, men moglegheitene hadde vore der, og vi vaksne ville lagt alt til rette for å hjelpe.

Reiseblogg | Paavandring