Om den komande psykologtimen skriv arrangørane at born og unge desverre vert eksponert for rus, direkte og indirekte, altfor tidleg - lenge før dei eventuelt debuterer sjølve.

– I dag blir ungdom utsett for eit enormt press, både på skulen og i fritida, og som foreldre mistar vi gjerne litt kontrollen og blir redde for kva val ungane våre tek. Då er det viktig å tilby ei trygg hamn og vere ein god samtalepartnar – uansett rusform. Men mange foreldre synest det kan vere vanskeleg å snakke med borna sine om festing, alkohol og ulike narkotiske stoff. Kanskje har vi ikkje heilt oversikt og kunnskap om det som rører seg der ute, og konsekvensane?! Og korleis stiller vi dei rette spørsmåla utan å fordømme og miste tillit?

Tomas Brandal Myklebust har onsdag med seg politiførstebetjent i Ulstein og Hareid, Henrik Sandstad, og skulepsykologisk rådgjevar Ingrid Redse Mjaaseth til samtale i Ulstein bibliotek.

– Desse kjenner ungdomen godt og veit kva som rører seg i lokalsamfunnet vårt, og kan dermed gi gode råd på korleis vi betre kan samarbeide med ungdomane våre. Vi vil snakke om det å vere nysgjerrige og naive, tørre å stille dei dumme spørsmåla og korleis sette grenser, heiter det frå arrangørane.

Det blir opna for dialog og spørsmål frå publikum.

Psykologtimen kan du sjå i denne saka på Vestlandsnytt.no frå 19.00 onsdag 28. februar.