Folk og Fortid og Herøy-kalenderen med nye utgåver
Herøy Sogelag kom med to tilbod i førre veke. 2018-utgåva av «Folk og Fortid» er no i sal, og likeeins «Herøykalenderen 2018». Leiaren i sogelaget, Johan Moltu, er oppteken av å få desse kvalitetsprodukta ut til folk.
RYKANDE FERSK: Per Ståle Moltu(til venstre) tilbyr ein rykande fersk «Herøykalenderen 2018» og redaktørane Norunn Stendal Aksnes og Ole Arild Bø håpar 2018-utgåva av «Folk og Fortid» vil glede mange i Herøy. Striden om linevalet for Herøybrua (i bakgrunnen) har fått brei omtale i heftet.
Foto: Pressefoto