Vi høyrde først om det i sosiale media. Folk uttrykte frustrasjon og sinne i samband med eit akutt sjukdomstilfelle utandørs, i Fosnavåg. Fleire hadde nemleg stimla saman kring staden der det låg ein medvitslaus mann.

Felles for mange av dei tilstadeverande var at dei hadde mobilen framme og filma dei dramatiske minutta då naudetatane skulle hjelpe personen.

Eit par dagar seinare gjekk politistasjonssjef Janne Garnes Nilsen ut med ei tydeleg oppmoding. – Dette er allereie ei svært tung tid for dei pårørande. Dei burde ikkje trenge å bekymre seg for om det er videoar i omløp av deira næraste i ein så sårbar situasjon, heitte det mellom anna frå Nilsen.

Episoden laurdag kveld er dessverre ikkje unik. Sist vi hadde ei sak om noko liknande, var i mars i år. Under det tunge snøfallet skar brøytebilen av vegen ved Moltustranda. Slik vart han ståande ei stund, og det gjekk bra med sjåføren. Sistnemnde, Lars Ivar Moldskred, registrerte den same oppførselen som vi såg i Fosnavåg sist helg. Filming var for dei fleste viktigare enn å stoppe og spørje om nokon treng hjelp:

– Tenk over korleis du sjølv hadde likt å bli filma i ein slik situasjon. Det er ei stor skam å oppføre seg slik i trafikken. Ikkje er det lov å bruke telefonen medan du køyrer heller, varsla Moldskred etter utforkøyringa.

For nokre veker sidan skjedde det ei tragisk ulukke i Florø, der tre ungdomar omkom etter ein kollisjon mellom to bilar, der det oppstod bilbrann. NRK opplyste i etterkant at mellom 30 og 50 ungdomar stod rundt og filma med mobilane medan dramaet gjekk føre seg. Naudetatane jaga dei, men kort tid etter kravla dei over gjerde og inn frå hagane, og tok opp att filminga.

Slik oppførsel kan i mange samanhengar også vere straffbar. Det er på tide at unge og vaksne tek ein prat om ein stygg trend som må snuast. Temaet bør på dagsorden også i klasserommet, om det ikkje allereie har kome dit.