Fotoalbuma kjem på stovebordet. Inger Grete og Ståle Myklebust fortel om «vanlege» reisemål som London og Mallorca, men også om Andesfjella, om fossefall i nasjonalparken Agasul i Brasil og møte med langhalsa karen-kvinner i Nord-Thailand som har hovudet støtta opp av mengder av messingringar. Og om då dei for første gong skulle reise lenger enn med campingvogn i Norge og Sverige, og enda opp i Romania.

– Alle andre plassar var fullt og reisebyrået hadde berre plassar til Romania. Dette var i 1990, berre eit halvår etter at Ceausescu var fjerna. Men vi for, med dei to jentene våre, og sjølv om der nesten ikkje fanst noko å ete, så gjekk det bra, ler dei.

Fleire turar for året

Sidan det har dei vore på over femti turar, reist fleire gongar i året og på både lengre og kortare turar. Nokre gongar er det storturar der dei er innom fleire land og byar som rundt i Sør-Amerika og på rundreise i Sør-Afrika. Andre gongar er det til meir vanlege syden-reisemål.

– Vi reiser ikkje for å ligge på ei strand. Vi kosar oss med å reise rundt, sjå, oppleve og lære. Og vi møter så mykje kjekke folk og har det så kjekt.

Mellom dei større og lengre turane fer dei også på helgeturar. Og det var då dei oppdaga direkteflya til Berg-Hansen og har fått med seg julemarknad både i Krakow og Praha i tillegg til Ljublana og den einaste øya i Slovenia, Bled.

– Dit hadde vi aldri reist om ikkje det var opplagt ein direktetur dit, og då hadde vi ikkje fått oppleve denne fantastisk fine byen.

Mat og kultur

Dei siste åra har Berg-Hansen frakta nærare eit par tusen reisande på helgetur til Europa direkte frå Vigra. Du går inn flydøra på Vigra og går ut igjen og møter eit europeisk by som byr på opplevingsrike møte med kultur og arkitektur, historie og god mat.

– Og gjerne er dette byar som elles krev mykje reisetid og dermed kan vere vanskeleg å nå i løpet av ei helg. Vi ønskjer å by folk på nye opplevingar og byar og har dermed hatt med folk på desse direkteflya og helgeturane til reisemål som Korsika, Ljublana og no i vår går turen til San Sebastián, fortel salsleiar Randi Tomren Farstad.

I mat- og kulturbyen San Sebastián kan ein få med seg alt frå middag i lukka gastronomisk klubb til besøk på Guggenheimmuseet i Bilbao før avreise.

– Det skal vere effektivt, behageleg og med direktefly har ein meir tid til sjølve opplevinga. Reise og opplegg er gjort klart. Sytalaust, seier mange, men ein vel sjølv kor mykje ein vil vere med på av skreddarsydde opplegg eller om ein vil vere heilt på eiga hand gjennom helga.

Nye mål for 2019

I september ventar Bratislava på nye reisande direkte frå Vigra, og første adventshelga kan ein reise på julemarknad i Berlin. Nyheita for 2019 vert sleppt no i samband med årets fritidsmesse.

Og det kan kanskje bli nok ein tur for Inger Grete og Ståle Myklebust. Ståle er no pensjonist og er både klar til og har tid til å reise kort og langt, mykje og ofte.

Han segla ute som ung og tjuvstarta jakta på land. Difor har han no 70 land medan Inger Grete «berre» har vel 60, og målet hans er 100.

Medan dei ventar blar dei i fotoalbum med bilde og postkort, billettar og notat. Slik gjenopplever dei reisene og gjer seg klar til nye.

– Vi leitar iallfall stadig etter nye reisemål og det er utruleg mange plassar vi har lyst til å besøke.

Inger Grete og Ståle