Det heile byrja med eit Facebook-innlegg frå Solfrid Pettersen Velsvik i Herøy.

Vestlandsnytt kontakta henne for å høyre historia rundt initiativet.

- Eg var kontaktlæraren til Agnetha gjennom heile ungdomsskulen. Ho var ei solstråle og ein gledespreiar som berre ville gjere godt. Då eg høyrde om kor frykteleg uheldig ho har vore, klarte eg ikkje å legge det frå meg. Eg kjende at eg måtte hjelpe, fortel ho.

I ein tråd på Facebook, skreiv Velsvik at nokon burde starte ei støttegruppe for Agnetha. Innlegget vart tilfeldigvis oppdaga av Carl Dietrichs i Oslo, som er styreleiar i Foreningen Legebilen.

I eit intervju med Sunnmørsposten fortel han at heile saka minner om ei hending for nokre år sidan, då han reiste til utlandet for å hente heim eit familiemedlem som ikkje hadde billett.

- Eg tenkte at her må det vere noko det norske folk kan gjere, seier han til Sunnmørsposten.

Dietrichs svara på kommentaren frå Velsvik og bad Agnetha sin far om løyve til å starte ei støttegruppe.

- Vi har rett og slett lånt ut Vipps-nummeret vårt, seier han til Sunnmørsposten.

Det er elles Velsvik som er kontaktperson.

- Håper ho får færre bekymringar

Innsamlingsaksjonen, som kom i gang 28. juli, fekk inn over 10.000 kroner på nokre timar. Velsvik mottek daglege oppdateringar med kontoutskrift, men ønskjer ikkje å gå ut med kva det innsamla beløpet er på noverande tidspunkt.

- Vi håper at dette kan bli positivt, og at ho kan få litt mindre bekymringar. Det viktigaste no er at ho snart får kome seg heim, seier Velsvik.

Dersom innsamlingsaksjonen gir meir enn nok til å få Agnetha ut av knipa, og det vert pengar til overs, vil foreininga gi overskotet til eit anna godt formål som Agnetha sjølv skal få velje.

- Då har vi lyst til å foreslå  nokon. Eg vil ikkje seie kven enno, men det er innanfor humanitært arbeid, seier Dietrichs til Sunnmørsposten.