Elevane i Gursken meiner det bør vere att ein skule i ytre Sande i tillegg til i Gursken og på Larsnes.
Gursken skule: Elevrådet ved denne skulen har kome til at modell B er den beste. Det vil vere for tungvint å frakte elevar frå ytre heilt inn til Gursken, meiner talselevane.