Dei siste fem åra har elevtalet i Herøy vist ein gradvis nedgang. Det slår kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy fast i tilstandsrapporten for Herøy-skulen som no blir lagt fram til politisk behandling.

Medan kommunalsjefen sine tal viser ein generell nedgang i alle skulekrinsar, er det særleg ved Stokksund skule nedgangen har vore stor.

I 1998 var det 228 elevar som sokna til skulane Myrvåg og Tjørvåg. Tjue år seinare var elevtalet ved Stokksund skule minka til 139, eller 89 færre enn i 1998.

Mange på privat skule

Kommunalsjefen ser fleire årsaker til den store elevtalsnedgangen, men noko skuldast heilt klart konkurransen frå den private Møre barne- og ungdomsskule i Myrvåg. I dag tek Møre-skulen mesteparten av barna i Myrvåg/Dragsund, og Møre-skulen har siste året hatt 102 elevar frå Herøy av eit samla elevtal på 148. Stokksund skule er dermed passert av Møre i samla elevtal.

Siste åra har det òg vore ein trend at sjuandeklassingane frå Leikanger melder overgang til ungdomsskulen i Myrvåg. Dette har mellom anna med transporttidene til busselskapet å gjere, forklarar kommunalsjefen.

Ei anna forklaring på elevtalsnedgangen er fødselstala som har gått gradvis ned dei siste tjue åra.

Bergsøy skule størst

Inneverande skuleår er det til saman 1037 elevar i Herøy-skulen. Desse fordeler seg slik på dei ulike skulane: Bergsøy 275, Einedalen 189, Leikanger 67, Moltu 45 og Nerlandsøy 70. Desse skulane er reine barneskular med sju klassetrinn. Ytre Herøy ungdomsskule har 252 elevar fordelt på dei tre høgste klassetrinna.

Vidare nedgang

Til neste skuleår vil det samla elevtalet i herøyskulen minke frå 1037 til 1017. Ser ein på utviklinga over den siste tiårsperioden er det her snakk om ein nedgang på 115 elevar, eller om lag ti prosent. Trass i at nokre kull er relativt store enkelte år, peikar pila nedover over tid.

Ned 29 prosent

Det er særleg frå 2014/15 og utover at talet på skulestartarar har gått ned. Om prognosane viser seg å halde stikk, kan talet på fyrsteklassingar i Herøy vere nede på om lag 87 om seks år. Det vil i så fall vere ein nedgang på nesten 29 prosent dei siste seks åra. Etter den nye norma, tilsvarar det berre åtte klasser med 15 elevar i kvar i heile kommunen, slår kommunalsjefen fast.

Den samanhengande nedgangen vil bli avbrote av eit hopp for skuleåret 20/21. Bak dette hoppet står fyrst og fremst Bergsøy med ein auke frå 32 fyrsteklassingar komande skuleår til 45 som startar i 2020.

Den største prosentvise auken er det likevel Moltu skule som får, med seks skulestartarar i 2020. Skuleåret 2019/20 vil det vere berre ein fyrsteklassing på Moltu basert på fødselstala i krinsen.

Botnar i 2019

Talet på skulestartarar i Herøy det komande skuleåret vil vere det klart lågaste som har vore i kommunen i tidsrommet som tilstandsrapporten viser tal frå. Då vil det berre vere 76 skulestartarar i Herøy med slik fordeling på skulane. Tal for inneverande skuleår i parentes:

Bergsøy 32 (32), Nerlandsøy 14 (13), Moltu 1 (8), Leikanger 5 (7), Stokksund 7 (13), Einedalen 17 (23). Det samla talet på skulestartarar neste år vil dermed gå ned med tjue neste år, samanlikna med i år, men vil i 2020 vere oppe på 2018-nivå igjen. Svingingane kan forklarast mellom anna med svingingar i arbeidsmarknaden, då fleire arbeidsinnvandrarar har barn i skulen.