Kystverket har fått i oppdrag frå Stortinget å avhende dei statlege fiskerihamnene som ikkje lenger er næringsaktive. Av dei elleve fiskerihamnene i Herøy er det bestemt at Runde, Skorpa, Bøvågen, Sandebukta og Kopperstad fiskerihamn skal avhendast.

Tilbodet om overtaking går fyrst til statlege institusjonar, før kommunane og fylkeskommunen vil få tilbod om å overta hamnene til takstpris. Skulle ingen offentlege institusjonar ønske å overta hamnene vil foreiningar med allmennyttige formål få tilbodet. Om dei deretter framleis er eigarlause, vil private kunne kjøpe dei på den opne marknaden.

Formannskapet i Herøy måtte tysdag ta stilling til om dei vil vise interesse for ei mogleg overtaking. Rådmann Olaus-Jon Kopperstad hadde på førehand tilrådd å vise interesse for alle hamnene, då dei etter hans meining bør vere offentleg tilgjengelege.

Dyrt vedlikehald

Ordførar Arnulf Goksøyr (Høgre) innleia debatten.

– Eg tenkjer umiddelbart at dette høyrast veldig dyrt ut. Av og til lurer eg på kor mykje pengar enkelte trur vi har. Det vil spesielt koste mykje å vedlikehalde alle hamnene, sa Goksøyr.

Olaug Andreassen (Ap) var derimot ikkje i tvil om at ein må melde interesse.

– Vi er nøydde til å vise interesse. For skal vi få avklara kva som ligg i dette, må vi vere med på den fyrste runden, sa Andreassen.

Også Ole Brubakk (KrF) meinte at ein må vise interesse, og deretter avklare detaljane på eit seinare tidspunkt.

– Vi må melde interesse no, so kan vi heller vente med å avgjere om vi skal kjøpe ingen, alle eller to-tre av hamnene, sa han.

– Kostar å utvikle ei fiskerihamn

Svein Gjelseth (Ap) ville også melde interesse, men var samtidig einig med Goksøyr i at dette vil koste.

– Det er nemnt at Runde hamn kan utviklast til ei god fiskerihamn. Men då kjem vi inn på spørsmålet om kva dette vil koste, og korleis vi skal få råd til det. Det er ikkje berre-berre å utvikle ei fiskerihamn, og skal det vere ei fiskerihamn må den ha eit visst areal. Enkelte av dei andre hamnene er berre reine naturhamner, og ikkje so mykje å gjere med. Også Sandebukta kan bli bra om ein utviklar ho, men er det vi i Herøy kommune som skal ta kostnadane, undra Gjelseth seg.

– Må vere offentlege

Kjell Runde (Folkelista/Sp) var derimot klar på at hamnene skal vere offentlege.

– Det er viktig at hamnene er offentlege, slik at ingen private kjem inn og eig hamnene. Difor er det viktig at vi melder vår interesse, slik at vi sikrar at hamnene blir offentlege. Om det er fylket eller kommunen som skal eige dei er ikkje so viktig. Men det er viktig for lokalbefolkninga at dei er offentleg eigde, sa Runde.

Melder interesse

Tine Storøy (Høgre) var klar på at ein må gå vidare med saka.

– Eg er einig i tilrådinga, og meiner at vi må gå vidare med saka. Det er viktig at vi melder interesse, og får meir informasjon før vi tek ei endeleg avgjersle, sa Storøy.

Formannskapet vedtok til slutt rådmannen si tilråding, og det er framleis ikkje noko avklart rundt fiskerihamnene si framtid.