I eit ferskt vedtak heiter det at verftet er pålagt å utarbeide ei supplerande undersøking og risikovurdering med tiltaksplan, for forureina sjøbotn utanfor verftsområdet.

Verftet på Larsnes er eitt av rundt hundre verftslokalitetar i landet som vert følgt opp med bakgrunn i potensialet for forureining av sjøbotnen.

På Larsnes har det vore fleire undersøkingar dei seinare åra. På landsida har ei vesentleg mengde forureina grunn på land blitt sansert/fjerna eller støypt over med betong.

Fylkesmannen syner likevel til ei undersøkinga frå 2008, som syner at sjøbotnen utanfor verftet er ureina. I fjor vart det gitt eit pålegg som seinare er kommentert frå verftet si side. Fylkesmannen har punkt for punkt gått gjennom svaret frå verftet. Sentralt er Fylkesmannen si vurdering om at det «er sannsynleg at ein vesentleg del av forureininga på sjøbotnen i dette området stammar frå verftsaktiviteten ved Larsnes Mek. Verksted».

Undersøkinga må utførast av eit uavhengig firma, og verftet må jobbe i høve til tiltaksplanar for opprydding av ureina sjøbotn, handtering av sediment, risikovurdering av forureina sediment, og nytte rettleiar for grenseverdiar for klassifisering av vatn, sediment og biodata.