Denne veka vart eit nytt prosjekt presentert for kommunane Smøla og Aure. Dei to kommunane er med i nysatsinga Bygdevekstavtalen, som sikrar milliontilskot i kampen for å halde på eller auke innbyggartalet.

– Vi har arbeidsplassane, men manglar tilsette, sa ordførar Svein Roksvåg (Sp) til NRK Møre og Romsdal.

Det siste kunne like gjerne ha vore sagt av lokale ordførarar. Også her har her gjer mangelen på fagfolk i både i offentleg og privat sektor seg gjeldande. Dei som ser i spåkula meiner dette kan bli eit alvorleg problem om ein del år.

Skular, barnehagar, helsevesen og den lokale industrien. Alle ser i større eller mindre grad ut til å ha vanskar med å fylle opp stillingane.

Storleiksmessig burde Sande og Vanylven vere som skapte for å gå i gang med eit slikt prosjekt. Desse kommunane har også mykje av dei same utfordringane som Smøla og Aure.

Ein fellesnemnar er litt tungvint geografi, men til dels svært så solid næringsliv, - og mangel på folk til ein del av jobbane. Solund og Fedje i Vestland er andre kommunar som er med i nysatsinga.

– Kommunane i dei nye pilotane har fleire spanande tema dei vil jobbe med. Til dømes ønskjer piloten frå Innlandet å undersøke korleis dei kan rekruttere til helsetenester i ei tid der det er stor konkurranse om arbeidskrafta. Deira arbeid kjem til å ha stor overføringsverdi til andre kommunar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Nokon vil alltid vere pessimistar – og meiner slike satsingar er som å tisse i buksa for å halde seg varm. Andre ser verdien av å prøve noko nytt. Det blir interessant å sjå om arbeidet i pilotkommunane ber frukter.