Brageprisen vart torsdag delt ut på Vulkan arena i Oslo, og kulturminister Lubna Jaffery (Ap) overrekte prisane. I kategorien for barne- og ungdomsbøker var det Maria Parr som vann for skildringa av livet som storesøster. Det kan nemleg vere ei lykke i livet å ha yngre søsken, men å vere eldst kan også vere vanskeleg.

– Maria Parr har ei eiga kjensle og eit eige språk for å skildre opplevinga av å vere barn. Ho gøymer ikkje bort raske replikkar eller gleda av å vere ny i livet. Her er høg temperatur og såre vendingar tett slyngde saman. Språk friskt som sjøsprut, rasande som torevêr og mjukt som sommarvind kjem om kvarandre. Slik speglar språket livet, og slik speglar storesøster Ida seg i veslebror Oskar si verdsforståing, som er ny, kvar dag, skriv juryen i grunngivinga og kallane sin boka stor forteljekunst.