1. april publiserte Vestlandsnytt ei sak om den planlagde sherpatrappa som skal byggast frå låglandet på Hakallestranda til Kragsethornet. Vi fekk nokre kommentarar den dagen frå folk som trudde det var ein aprilspøk, men som stussa veldig då saka framleis stod på nett dagen etter, og jamvel i etterfølgande papiravis.

Det at folk trudde det var ein spøk, ja nærast eit luftslott, er i seg sjølv eit teikn på at prosjektet, og det endelege resultatet, kjem til å bli lagt merke til. Eit spenstig og godt initiativ. Poenget er at Hakalletrappa kjem til å bli ein attraksjon som kombinerer trim og oppleving, som ein del av reiselivsregionen vi bur i.

Som kjent er det litt delte meiningar om tiltak og inngrep i naturen. Den diskusjonen går vi ikkje inn i her, men konstaterer at trappa til fjells på Hakallestranda skal gli fint inn i terrenget og vil kunne spare råser «på bakken» for unødig slitasje.

Stadig får vi høyre om spennande satsingar som vil setje regionen på kartet, reiselivsmessig. Her er det, som Destinasjon Ålesund og Sunnmøre gong på gong har streka under, viktig at ein ikkje tenkjer kommunevis, men regionalt. Turistane ser aldri på kommunegrenser når dei skal vitje eit område. Det gjer heller ikkje vi, når vi ferierer til dømes i Nord-Norge. Havlandet er ikkje berre i Herøy, om nokon skulle tru det.

Vårt område har framleis ein veg å gå før vi har eit stort utval av opplevingar for dei tilreisande. Men med fuglefjellet Runde, gode hotell og serveringsstadar i nærområdet, gjestehamner, rorbuer, fisketurisme, galleri, historiske stadar og spel, badeland – og meire til – er vi på veg mot å kunne tilby våre gjester eit utval opplevingar.

Og så kjem skipstunnelen, som i seg sjølv ikkje vert bygt med tanke på turisme, men der aukande småbåtrafikk til Nordvestlandet vil bli ein sideeffekt med hittil uante konsekvensar.