Herøy vasslag ønskjer at rettane til Svartevatnet på Leinøya og Vikevatnet/Igesundvatnet på Bergsøya skal overførast til grunneigarane. Begge dei to kjeldene kan leggast ned som drikkevasskjelder etter at vasslaget har sikra seg reservevatn på andre måtar.

Opphavleg bygde vassforsyninga til Bergsøya og Leinøya på desse to kjeldene. Svartevatnet vart utfasa då Herøy vasslag blei oppretta i 2004 gjennom fusjon av Svartevatn og Bergsøy vasslag.

Vikevatnet/Igesundvatnet har vore definert som krisevasskjelde, men i dag Herøy vasslag sikra reserve- og krisevatn gjennom samarbeidet med Stemmedalen vasslag. Stemmedalen har etter kvart fått tilfredsstillande vasskvalitet, og forsyninga av Ytre Herøy er sikra gjennom to sjøleidningar over Herøyfjorden.

Dersom Herøy kommune meiner det er eit godt alternativ, ønskjer vasslaget å overføre rettane og ansvaret for dei to dammane til kommunen.