Asmund Torvik er ikkje interessert i at eigedomen skal takserast, og dermed er situasjonen den same som då Nordic Resort tidlegare i sommar melde frå om at resortplanane er skrinlagde på ubestemt tid.

Det er vi som er seljarar, og det er vi som bestemmer prisen, skriv Torvik i ei tilbakemelding på Nils Chr. Gevelt i Nordic Resort sitt utspel om å få eigedomen taksert. Torvik gjer det klart at slik han ser det, vil ein takst vere bortkasta arbeid.

Gevelt har tidlegare bode tre millionar kroner for eigedomen. Det er Herøy kommune som har oppmoda om å få striden rundt salsprisen på eigedomen fastsett gjennom takst.