Slik kommenterer skipsmeklar Bjørn Ove Endresen ratenivået som eit fåtal båtar fekk jobb på i Nordsjøen denne veka. Mellom dei var Fosnavåg-båten Olympic Zeus, som får betalt 525.000 kroner dagen for jobben han starta på i går.

– Marknaden er framleis veldig utfordrande, seier Endresen, som no er tilbake hos sin gamle arbeidsgivar i skipsmeklingsselskapet Seabrokers i Stavanger.

Eit lite blaff

Ulstein-båten Island Vanguard var også heldig, og kom inn på same jobben og til same rate som Olympic Zeus. Den uvanleg godt betalte jobben dreiar seg om flytting av ein Equinor-rigg på Troll-feltet. Kontrakten på inntil 14 dagar vart inngått tysdag denne veka.

Dagen før fekk fire andre båtar ein tilsvarande jobb med selskapet Well Expertice. Denne jobben blir betalt med 300.000 kroner dagen.

Ifylgje skipsmeklaren kan dårleg vêr, samtidig med fleire riggar som skal flyttast, gi seg utslag i kortsiktig prisauke.

– Av alle båtar som ligg i opplag er det dessverre berre eit fåtal som får sjå rater som desse. Det vi her ser, er nok berre eit lite blaff, seier Endresen.

Vanskeleg vinter

I det kortsiktige bildet ser skipsmeklarane nemleg ikkje noko som tilseier at snittratene skal ta seg opp på eit nivå der båtane begynner å tene pengar igjen.

– Gjennom vinteren kjem dei nok ikkje til å oppleve noko særleg betring, seier Endresen.

Lysare på sikt

På litt sikt er det derimot håp om ein aktivitetsauke som kan skape meir etterspørsel av båtar. Oljeselskapa melder om at boreaktiviteten skal opp, noko som også vil kunne gi arbeid til fleire forsyningsskip framover. Kvar rigg treng som regel to båtar til forsyning, medan ankerhandteringsfartøya er avhengig av at riggar skal flyttast for å få arbeid.

– Oljeselskapa planlegg for meir boring, og kjem det fleire riggar i aktivitet, så blir det arbeid både til flytting og forsyning, seier Endresen.

Meir usikkert er det kva utslag den forventa aktivitetsauken vil gi på ratenivået. Eit oppsving fører gjerne med seg at fleire båtar blir tekne ut av opplag, samt at fleire båtar utanfrå vil melde seg til teneste i Nordsjøen.