Det kan trygt seiast at dispensasjonssøknaden frå grunneigaren, som har sett i gang umelde anleggsarbeid i Tjørvåg, er ei sak litt på sida av det vanlege.

Kommunen blei for ei tid sidan varsla om at det var sett i gang ulovleg sprengingsarbeid på ei nausttomt i Tjørvåg. Arbeidet blei kravd stansa i påvente av ein vanleg søknads- prosess.

Ifylgje nabovarslet dreiar arbeidet seg om reparasjon av ein skadd molo, samt bygging av tilkomstveg til jordbruksføremål. Naboane undrar seg imidlertid på kva slags jord- bruksføremål det her er snakk om, og kvar denne landbruksvegen startar og endar.

Vidare blir det hevda at søkjaren har påført Tjørvågosen naturreservat uboteleg skade etter køyring med gravemaskin. Sjølv hevdar han at naboane ikkje er ute etter anna enn å drive sabotasje.

Kommunalsjef Jarl Martin Møller opplyser at på grunn av kompleksiteten, vil dette bli ei politisk sak, i staden for at den får ei administrativ avgjerd.