Etter ein sesongstart som har gått litt opp og ned slo Bergsøy til med to sigrar i Vestfold førre helg. No får Bergsøy besøk av Sotra i Herøyhallen.

– Eg forventar at det blir ein tøff kamp mot eit veldig godt Sotra-lag. Dei har i likheit med oss tapt to kampar til no i sesongen. Men normalt sett er Sotra eit lag som scorar mykje mål, so nøkkelen ligg i at vi får i gong forsvaret og keeper, seier Bergsøy-trenar Thomas Buchardt.

Han var elles nøgd med kampane førre helg.

– Eg var godt nøgd med korleis vi spelte i kampane sist helg, og dei viser at vi er på rett veg. No er vi fulle i sjølvtilitt, og tek med oss det ut på bana søndag, seier han til Bergsøys Facebook-side.

Buchardt håpar no at herøyværingane vil møte opp i Herøyhallen søndag, og gi laget den same støtta som dei fekk i NM-kampen mot Bækkelaget.

– Det er mykje enklare for oss om vi har støtta frå publikum i ryggen, for handball er best når alle er på kamp. Eg får framleis frysningar på ryggen når eg tenker tilbake på stemninga som var i hallen under cupkampen, seier Buchardt.