– Det var vel Craig sin ide, smiler Thomas Teige Sporsheim.

Vi møter han og Craig Rogers på Havila stadion Fosnavåg etter fredagens heimekamp mot AaFK2.

– Ja, og vi har i grunnen snakka om det ei stund. Denne klubben har ein sterk identitet og mykje gode karakterar. Det er noko som fortener å bli formidla vidare, fylgjer Rogers opp.

Diskusjonsprogram

Resultatet av dei to sitt ynskje om å lage litt blest om den lokale fotballklubben har no blitt ein radiopodkast med namn «Heia Bergsøy-podkasten». Det er også nødvendig å presisere at dette er gjort på eige initiativ, ikkje i regi av klubben.

– Vi har allereie laga to episodar. Den fyrste enda på 7 minutt og den andre vart nærare ein halv time, forklarar Sporsheim.

Det heile kan beskrivast som ein uformell diskusjon tatt opp på band og delt i sosiale medium. Etter planen skal det kome ein i veka.

– Tanken er eigentleg enkel. Eg og Thomas møtast og har ein god samtale om ting som går føre seg i klubben. Det skal ikkje vere for analytisk, berre ein god samtale om dei daglege syslane og det som går føre seg i klubben, forklarar Rogers.

– Vi har også høg takhøgd for kva vi pratar om. Vi vil at dette skal vere ein arena der også meininga om klubben kan kome fram. Eg vil ikkje utelukka at podkasten også kan påpeike konstruktive ting ved klubben, men den skal på ingen måte vere ein arena som øydeleggjer stemninga, legg Sporsheim til.

Interaktivt

Dei to kompisane ynskjer også at podkasten skal bli meir enn berre eit einvegs medium der dei to sit og jattar i lag. Dei vil nemleg at fleire skal delta i «fellesskapet», som Rogers så fint omtalar det.

– Vi er ein podkast, eit fellesskap for alle. Vi vil derfor prøve å få med oss gjestar i programmet. Gjestane kan vere kven som helst, spelarar, trenarar, frivillige, fans eller kritikarar. Vi har opne armar, seier dei to.

Dei håpar også at folk vil sende inn spørsmål, tilbakemeldingar og bidra til interaktivitet rundt det heile. Ikkje minst håpar dei folk vil høyre på den nye podkasten.