Vestlandsnytt har spurt herøyværingar om kva dei ville spurt Hellbillies om, dersom dei fikk intervjue bandet. Under intervjuet vi hadde med Aslag Haugen, svara han på desse spørsmåla.

– Vi har sett videoklipp av området, og det ser veldig flott ut! Om det klaffar med vêret, kan dette verte noko veldig spesielt. Vi skal i alle fall gjere vårt beste for at dei frammøtte får ei framifrå konsertoppleving, seier vokalist, gitarist og låtskrivar Aslag Haugen til Vestlandsnytt.

Forandring frydar

Då Hellbillies slapp sitt siste album «Søvnlaus», vart det teken varmt i mot av fansen. Nokre har sagt at bandet aldri har vore betre.

– Det er eit album som vi er veldig fornøgd med. Når det kjem slike kommentarar, vert vi sjølvsagt veldig glade! Når du er låtskrivar, er det stats når du får reaksjonar frå publikum. Det er det beste ein kan ynskje seg, fortel låtskrivaren.

På spørsmålet om kva låt han sjølv likar best frå albumet, seier han at det er vanskeleg å velje.

– Det kjem eigentleg heilt an på korleis dagsforma er. Ein dag kan det vere «Søvnlaus», neste dag kan det vere «Ny song kan ta te» og dagen etter der igjen kan det vere «20 år på vegen».

– Kva er den beste låta dykk har laga nokon sinne?

– Nei, no spør du vanskeleg! Vi har jo eit heilt anna forhold til låtane enn dei som lyttar. Men om eg skal drage fram ei låt, må det vere «Den finaste eg veit». Den har nesten 21 millionar avspelingar på Spotify. Låta lev på ein måte sitt eige liv, og det er ei låt eg er veldig stolt av.

Sidan «Søvnlaus» kom ut, har nokre av fansen sagt at dei synest Hellbillies har vorte meir rocka.

– Om du tenkjer på dei tre-fire siste albuma, er «Søvnlaus» ei forlenging av dei. Men samanliknar du albumet med det vi laga tidleg på 90-talet, er det stor forskjell. Slikt skjer gradvis. Hadde det ikkje vore kjedeleg om vi laga dei samme låtane, og heldt oss i same sjanger, heile tida? Spør Haugen og ler.

Nytt album på lur

Bandet har gjennom tidene opparbeida seg ei enorm gruppe fans, og mange har vore med sidan starten av.

– Kven er målgruppa dykkar no, og har dykk tenkt å satse meir på «den yngre garden»?

– Det har eg faktisk aldri tenkt på. Vi har aldri laga ei plate for ei spesiell målgruppe. Om vi ser på statistikken, så er hovudmålgruppa vår frå slutten av 20-åra til 40 år. Samtidig har vi også ei stor gruppe frå 18-20 år. Vi har eit veldig breitt og samansett publikum, noko som er kjempebra. Det er vel litt av hemmelegheita til at vi har kunna haldt på så lenge.

Vidare seier Aslag at det vert rekruttert nye generasjonar som høyrer på Hellbillies heile tida.

– Og det er ikkje ei sjølvfølgje, sidan vi ikkje har aldri laga musikk bevisst for ei målgruppe. Vi er berre veldig glade for at folk, både unge og gamle, likar musikken vår.

I 2020 feirar Hellbillies heile 30 år, og Vestlandsnytt måtte sjølvsagt spørje om bandet har nokon planar for å feire jubileet.

– Sjølvsagt har vi det! 30 år skal markerast på ordentleg vis. Vi er inne i ei skrivefase no, og dette kjem til å fortsette ut året. Vi har planar om å kome ut med ei heilt ny plate i 2020 for å markere jubileet, samt ein omfattande turné over heile Noreg, seier Haugen spent.

– Vi har fem forskjellige personlegdomar

Vi kjem i snakk om kva personlegdomar som er i Hellbillies, og Haugen fortel at alle i bandet er heilt forskjellige.

– Vi har faktisk fem forskjellige personlegdomar. Vi er veldig forskjellige, faktisk. Profesjonelt har dette fungert veldig bra. Vi er heng heller ikkje saman på fritida. Når vi har fri frå konsertar og turné, heldt vi på med andre ting kvar for oss. Det er det mest fornuftige, sidan vi jobbar så tett på kvarandre nesten heile året. Men personlegdomar? Nei, der kan eg ikkje finne ein fellesnemnar.

– Korleis er samhaldet mellom dykk, no som dykk har spelt saman i nesten 30 år?

– Det er litt spesielt sidan vi har halde saman så lenge. Interne kranglar er sjølvsagt slikt som alle grupper har, men heldigvis har vi ikkje hatt så mykje av det, nettopp fordi vi gir kvarandre rom. Når vi jobbar saman kan det bli tett og intenst, men i friperiodane ser vi ikkje kvarandre. Då er det mykje hyggelegare å treffast igjen. Mange band går i oppløysing frå innsida på grunn av interne kranglar, så der trur eg vi har vore heldige.

– Har dykk nokre intimgrenser, sidan dykk jobbar så tett på kvarandre?

– Vi har nok det, sjølv om det ikkje er ei uttalt grense. Sidan vi kjenner kvarandre så godt no, veit vi dette instinktivt, seier Haugen.

Ingen spesielle raiderar

Rocke-favorittane frå Hallingdal har gitt ut heile 11 album, selt til gull og platina og vunne fleire spellemannsprisar. Vi spurte Aslag kva minne han synest er dei flottaste hittil.

– Det har vore mange hyggelege oppturar opp gjennom åra. Fyrste gongen vi fekk spellemannsprisen er eit minne som har festa seg, nettopp fordi det skjedde så tidleg i karrieren. Det var veldig stas. Men så har det vore andre ting også, som då vi vann Årets spellemann.

Haugen legg til at ein draum er størst når draumen går i oppfylling.

– I tillegg har vi hatt mange flotte konsertopplevingar, blant anna då vi var oppvarmarar for Bob Dylan. Det var slikt vi drøymde om då vi var yngre, å få dele scene med folk vi har vore kjempefans av. Ein tenkjer at det aldri kjem til å skje, og plutseleg så skjer det. Draumen er aller størst når det faktisk skjer, mimrar Aslag.

Det har vorte mange konsertar opp gjennom åra, og herøyværingane lurte sjølvsagt på om Hellbillies har nokre spesielle raiderar før kvar konsert.

– Nei, vi har nok ein ganske så normal raidar. Ingen spesielle eller sære ting. Eg har høyrt om folk som skal ha Non-stop i berre ein farge, men slike ting har vi ikkje, fortel Haugen lattermildt.

Aslag og Hellbillies seier dei gler seg stort til å spele på Herøy amfi 10. august, og ser fram til å spele ute på ein så flott plass. Før vi avsluttar samtalen, spør vi eitt siste spørsmål.

– Kven av dykk er det som trekk flest damer på konsertane?

– Ingen av oss, faktisk! Vi har ikkje merka noko av det, seier Aslag og flirar.

GODE MINNER: Aslag Haugen fortel om gode minner frå tidlegare i karriera, favorittlåtar og om bandmedlemmane sine i intervjuet med Vestlandsnytt. Foto: Pressefoto