– Eg kom til Runde for å fotografere fuglar, men dette vart ein skikkeleg bonus.

Dette fortel Martin frå Tyskland medan vi står og ser på kvalrossen som ligg og slappar av på sandstranda på Runde. En kvalrossen har som kjent oppheldt seg i området kring Herøy den siste veka og var fyrst observert på laurdag 16. juni utanfor Vågsholmen. Sidan då har han også vore på land ved Vågaholmen. I dag, fredag, var det Runde sin tur til å få besøk av den unormale sunnmørsgjesten.

Fotodilla

Rundt oss står ein flokk av fotografar med store objektiv – alle i påvent av den perfekte posering frå kvalrossen. Fotoentusiastane står på god avstand, med unntak av nokre få som prøvar seg litt nærare.

– Eg trudde ikkje heilt på det når vi fyrst høyrde det på campingplassen, men vi fekk oss ei overrasking då vi kom og såg dyret ligge i fjøra her, fortel tyskaren.

Han seier kvalrossen er eit flott motiv for hobbyfotografar som han sjølv.

– Dei er veldig flotte dyr og for meg som er fotograf blir dette eit lite høgdepunkt for ferien. Dette hadde eg ikkje venta når eg kom til Runde for å feriere, fortel tyskaren.

– Ser sjuk ut

Ein annan fotograf som har funne fram zoomobjektivet er Guy frå Frankrike. Han fortel at han har teke bilte av kvalross utanfor Spitsbergen, men at det er noko som ikkje ser heilt riktig ut med denne kvalrossen.

– No er eg ikkje noko ekspert, men for meg ser det ut til at han er sjuk, seier franskmannen.

Han peikar spesielt på at kvalrossen ser litt bleik ut kontra dei han har sett tidlegare. Fleire fotografar kring oss meiner også kvalrossen ser litt slapp ut.

Uavhengig synast franskmannen det er fasinerande at kvalrossen har kome heile vegen til Runde, og at det er eit flott fotominne frå ferien.

Far og son på foto-tur

Til slutt treff Vestlandsnytt to Bergensarar, pappa Audun og sonen Ola som er på foto-tur i lag.

– Eg hadde ikkje venta meg dette, eg har fått eit par blinkskott allereie, seier Ola, og løftar objektivet i det han ser kvalrossen snu på hovudet.

Festivalrossen: Det kan nesten sjå ut som kvalrossen veit kva som går føre seg i Herøy. I førre veke var han i Fosnavåg under Sommarfesten og i helga, på Runde rett før Rundedagen. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Fotodilla: Det var ein god gjeng som hadde samla seg på Runde for å sjå kvalrossen. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Martin frå Tyskland: Martin frå Tyskland er på ferie på Runde og var svært begeistra over å få sjå ein kvalross. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Far og son: Audun og Ola var også på plass med store objektiv i håp om å få eit blinkskot av sjødyret. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik